Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i engelskspråklig litteratur/kultur II

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

ENG332 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema frå britisk litteratur og/eller kultur. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester, og kan óg omfatte amerikansk og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Teksttilfanget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
  • har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar

har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å arbeide med særlige teoretiske/metodiske problemstillingar over ei viss tid
  • har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftlig og munnleg engelsk

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 16 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar.

Obligatoriske arbeidskrav er gyldige i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen i emnet er ei rettleidd semesteroppgåve på om lag 4500 ord (eksklusive litteraturliste osv.). Studentane pliktar å møte til rettleiing og elles halde dei fristane som er sette av faglærar. Studentar som ikkje følgjer desse retningslinene, misser retten til å ta eksamen i emnet.

Ved eksamen i følgjande semester leverer studenten, som har oppfylt krava om rettleiing i undervisningssemesteret, ei omarbeidd semesteroppgåve utan vidare rettleiing.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen i ENG332 kvart semester.

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur. 

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    28.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    14.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen