Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur IV

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Haust 

Undervisningsstad

Bergen 

Mål og innhald

Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

ENG334L er eit spesialisert studium, normalt i eit tema frå amerikansk litteratur og/eller kultur. Innhaldet i emnet vil variera frå semester til semester, og kan óg omfatta britisk og/eller annan engelskspråkleg litteratur og/eller kultur. Teksttilfanget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt

- har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar

- har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar

Ferdigheiter

Studenten

- kan drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å arbeide med særlige teoretiske/metodiske problemstillingar over ei viss tid

- har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftlig og munnleg engelsk

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Studiepoengsreduksjon

ENG334L har full overlapp mot ENG334.  

Krav til studierett

Opptak på integrert lærarutdanning med engelsk.

Ein kan ikkje få utteljing for både ENG334 og ENG334L.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: totalt 20-22 timar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Det blir arrangert eksamen i ENG334L kvart semester.

Eksamen er ein seks timars skoleeksamen. Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærmare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Varigheit
    6 timer