Masteremne i engelskspråkleg litteratur/kultur VI

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Kurset skal gi utvida kunnskapar om engelskspråkleg litteratur og/eller kultur, og øve opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur.

ENG336 er eit spesialisert studium, normalt i eit tema innanfor amerikansk, britisk eller verdslitteratur på engelsk. Innhaldet i emnet vil variera frå år til år. Tekst til faget kan hentast frå ein nasjonallitterær tradisjon, ein periode, ein sjanger, eit forfattarskap, eit litterært eller kulturrelatert tema, eller ei litterær eller kulturell rørsle. Tekstane skal lesast ut ifrå eit kritisk og teoretisk perspektiv.

Læringsutbyte

Ved fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten

  • har utvikla vidare kjennskap til disiplinen generelt
  • har tileigna seg spesialisert kunnskap om temaet emnet omhandlar
  • har fått kjennskap til nyare forsking på det aktuelle feltet emnet omhandlar

Ferdigheiter

Studenten

  • kan drøfte tema frå engelskspråkleg litteratur og/eller kultur frå ein kritisk og teoretisk ståstad, og med ei analytisk tilnærming

Generell kompetanse

Studenten

  • er i stand til å arbeide med særlege teoretiske/metodiske problemstillingar over ei visstid
  • har vidareutvikla evna til å uttrykkje akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår (vert ikkje undervist våren 2018)

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar.

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

To skriftlige innleveringar (mellom 500-1000 ord)

Innleveringsfristane blir annonsert i Mitt UiB.

Godkjenninga av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i undervisningssemesteret og det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer
Munnleg eksamen
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Vår. Der er og vurdering tidleg i haustsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav. Det er anbefalt at studentar fullfører vurdering i det same semesteret dei følger undervisning.
Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 700 sider sakprosa eller læreboktekst, eller litterære tekstar som svarar til 6-8 verk. Teoritekstar høyrer med. Det vil òg vere mogleg å kombinere sakprosa og litterære tekstar i eitt pensum. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet..