Masteremne i engelsk lingvistikk III

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

ENG343 er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå år til år. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse.

Læringsutbyte

Etter fullført emne har studenten følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar
Studenten
- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som har blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter
Studenten
- er i stand til å nytte sine kunnskapar og ferdigheiter i undervisning, formidling og/eller informasjon
- har ei særs god evne til å uttrykke akademiske idéar på skriftleg og munnleg engelsk

Generell kompetanse
Studenten
- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk.
Arbeids- og undervisningsformer

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studenttalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved

semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
Eksamen i emnet er ein sju dagars heimeeksamen over tema oppgitt av faglærar. Arbeidet er på 4000 ord (±10%) (eksklusive litteraturliste osb.).
Karakterskala
Det blir nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester
Det er vurdering i begge semester.
Litteraturliste

Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur og/eller primærtekstar. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret.

Emneevaluering
Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje relevant.
Programansvarleg
Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.
Emneansvarleg
Programstyret for engelsk
Administrativt ansvarleg
Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.