Hjem

Utdanning

Masteremne

Masteremne i engelsk lingvistikk IV

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Master 

Undervisningssemester

Vår 

Mål og innhald

ENG345er eit spesialisert studium i eit tema frå engelsk lingvistikk. Innhaldet i emnet vil variere frå semester til semester. Tilbodet kan til dømes vere kurs med tema frå anvendt lingvistikk, teoretisk lingvistikk, historisk lingvistikk, eller kombinasjonar av desse. 

Læringsutbyte

Ved fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

- har god innsikt i teoretiske og metodiske innfallsvinklar for det feltet som er blitt gjennomgått og kjennskap til nyare forsking innanfor dette feltet

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å anvende sine kunnskaper og ferdigheter i undervisning, formidling og/eller informasjon

- har vidareutvikla evna til å uttrykke akademiske idéar på skriftlig og munnleg engelsk

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å halde fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering på ein sjølvstendig måte

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande. 

Tilrådde forkunnskapar

Ingen 

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk og lektorutdanninga med master i framandspråk. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Seminar: opp til 16 timar

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen 

Vurderingsformer

Eksamen er ein fire timars skoleeksamen.

Skoleeksamen kan bli digital.

Hjelpemiddel til eksamen

Studentane kan bruke eittspråkleg (engelsk-engelsk) ordbok på skoleeksamen. Instituttet gir nærmare opplysning om kva for ordbøker som er godkjende

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Vurderingssemester

Det blir arrangert eksamen i ENG345 kvart semester.

Litteraturliste

 Pensum i emnet er sett saman av opptil 750 sider lingvistisk faglitteratur. I tillegg til pensum lyt studentane gjere bruk av tilrådd hjelpelitteratur og handbøker.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikrigssystem.  

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    13.10.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    29.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen