Engelsk mastergradsoppgåve
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
Emnet tilbys av
| Studiepoeng | 60 |
| Undervisningssemester | |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Engelsk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Læringsutbyte
Ved fullført mastergrad skal kandidaten
- ha brei generell kunnskap innanfor faget og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
- kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
- kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kjenna normene for akademisk skriving
- kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet - sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kunna uttrykkja på engelsk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
- kjenna til relevante kommunikative sjangrar
- kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no
Undervisningssemester
Undervisningsspråk
Engelsk
Studienivå
Master
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar på masterprogrammet i engelsk ved UiB.
Mål og innhald
Masteroppgåva er eit vitskapleg arbeid i spesialdisiplinen til studenten, og kan med fordel ha tilknyting til eit av dei valte masteremna.
Læringsutbyte/resultat
Ved fullført mastergrad skal kandidaten
- ha brei generell kunnskap innanfor faget og dybdekunnskapar innanfor eit avgrensa område
- ha grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i den valde disiplinen
- kunna arbeida sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
- kunna setja seg inn i og vurdera kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
- kunna skaffa seg og nytta kunnskap på nye område innanfor faget
- kunna gjennomføra eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- kjenna normene for akademisk skriving
- kunna bruka IKT-verktøy som er naudsynte for å gjennomføra eit sjølvstendig arbeid innanfor fagområdet - sjølvstendig kunna halda fram med eiga kompetanseutvikling og spesialisering
- kunna uttrykkja på engelsk faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar innanfor eige fagområde
- kjenna til relevante kommunikative sjangrar
- kunna ta del i den offentlege debatten der denne rører ved fagområdet
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med spesialisering i engelsk eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Tilrådd startgrunnlag for masteroppgåva er kursdelen av mastergradsstudiet i engelsk.
Undervisning og omfang
Masteroppgåva blir til vanleg skriven i løpet av det tredje og fjerde studiesemesteret. Prosjektskisser og utkast til delar av masteroppgåva blir lagde fram på work-in-progress-seminar der studentane mellom anna vil få rettleiing i formelle og metodiske aspekt ved oppgåveskrivinga. Ein ventar at studentane på ein aktiv måte tek del i den seminarrekkja som ligg nærast opp til eige emneområde, både ved å presentere eigne innlegg og ved å ta del i diskusjonar om det andre legg fram. Det er spesielt viktig at studentane tek del i dette seminaret dei to semestra dei arbeider med oppgåva.
Studenten får rettleiing under arbeidet med masteroppgåva. Ein rettleiingskontrakt som gjer nærare greie for rettar og plikter, skal skrivast under av student, rettleiar og instituttstyrar. Studentane blir oppmoda til å finne eit tema for masteroppgåva så tidleg som mogleg i andre semester.
Obligatoriske arbeidskrav
Som ledd i arbeidet med masteroppgåva skal studentane halde og få godkjent tre innlegg ved eitt av instituttet sine work-in-progress-seminar for masterstudentar (lingvistikk eller litteratur og kultur): 1. ei prosjektskisse med ein kort bibliografi, 2. eit utkast til eit kapittel av masteroppgåva, 3. ein kommentar til kapittelutkastet til ein av dei andre studentane. Det første innlegget skal helst haldast i løpet av studenten sitt andre undervisningssemester. Innlegg nummer to og tre skal haldast i 3. eller 4. semester.
Vurderingsformer
Det blir arrangert eksamen i ENG350 kvart semester. Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte slik at ein skal kunne møte til eksamen.
Endeleg mastergradseksamen (d.v.s. innlevering av masteroppgåva og avsluttande munnleg prøve) kan gjennomførast i byrjinga og slutten av kvart semester. Innleveringsfrist for masteroppgåva er 1. februar og 15. mai i vårsemesteret, og 1. september og 20. november i haustsemesteret.
Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider.
Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med ein karakter.
Karakterskala
Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Kontaktinformasjon
studieveileder@if.uib.no