Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning

Studiepoeng, omfang

Emnet ENGDI111 har eit omfang på 5 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust

7. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar som tek faget som fag II.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gi ei vidare innføring i feltet engelsk fagdidaktikk og bidra til ei funksjonell integrering av fagdidaktisk teori og praksis.

Innhald:

Studiet tar opp tema som språk, tekst, kultur, kompetanse og danning, tilrettelegging for læring.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Studenten har

  • innsikt i språk, tekst og sjanger og kan sjå desse i eit kulturperspektiv
  • innsikt i engelsk som danningsfag og ferdigheitsfag

Ferdigheiter:

Studenten kan

  • lage undervisningsopplegg der arbeidsformer og innhald er knytt til grunnleggjande ferdigheiter og reflekterer innsikt i læringsprosessar i engelskfaget
  • gjere greie for kjenneteikn på elevar sin kompetanse i engelskfaget, vurdere og dokumentere elevar si læring
  • gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevar kan vurdere og reflektere over eiga læring og faglege utvikling

Generell kompetanse:

  • Studenten kan uttrykkje seg munnleg og skriftled på engelsk innan fagfeltet

Krav til forkunnskapar

Minimum 60 studiepoeng i engelsk på 100-nivå i lingvistikk og litteratur og 5 studiepoeng engelsk fagdidaktikk. 75 studiepoeng i fag I, inkludert 10 studiepoeng fagdidaktikk.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing: Totalt 12 timar fordelt på seks veker.

Seminar: 2

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å gå opp til eksamen må studentane ha levert ein skriftleg tekst som presenterer eit undervisningsopplegg og drøftar det i lys av fagdidaktisk teori. Teksten skal ha eit omfang på minimum 2 sider. I tillegg må studentane ha delteke på eit seminar der dei gjev tilbakemelding på kvarandre sine tekstar i responsgrupper.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Heimeeksamen på 7 dagar med oppgitt emne, ca. 2500 ord.

Heimeeksamen vert skriven på engelsk. Nærare retningslinjer for oppgåva vert gitt i studiet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F.

Vurderingssemester

Haust. Der er òg vurdering tidleg i vårsemesteret for studentar med gyldig godkjenning av obligatoriske arbeidskrav.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 350 sider av normal vanskegrad.

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.01 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet skal evaluerast kvart tredje år, i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvaret for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet ved Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    11.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    27.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen