Hjem

Utdanning

Masteremne

Fagdidaktikk i engelsk for integrert lektorutdanning

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeENGDI301
  • Talet på semester1
  • SpråkEngelsk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vårsemesteret, 8. semester i lektorutdanningsprogrammet for studentar med engelsk som førstefag.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ei vidareføring i fagfeltet fagdidaktikk innanfor tre hovudområde:
- Strategiar for språkkompetanse
- Tekstforståing og læringsprosessar
- Rettleiing og vurdering

Læringsutbyte

Studentane skal kunne:

- drøfte problemstillingar som gjeld vilkår for læring og kompetanseutvikling.
- undersøke læring i eige klasserom i engelskundervisninga ved hjelp av fagkunnskap og fagdidaktisk teori, og presentere refleksjon over dette skriftleg og munnleg.
- rettleie elevane i deira læringsprosessar på grunnlag av teoriar om språk, tekst og kultur, og kunne vurdere elevane sitt læringsutbytte.
- vurdere læremiddel og arbeidsformer i engelskfaget i relasjon til dei ulike emna i skolefaget, og kunne grunngi val og vurderingar i samsvar med eige fagsyn.
- kunne uttrykkje seg munnleg og skriftleg på engelsk innan fagfeltet.

Krav til forkunnskapar

100-nivå og 200-nivå i engelsk språk, litteratur og engelsk fagdidaktikk; 100-nivå i fag II og gjennomført praksis i skolen i 7. semester.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Opptak til integrert lektorutdanning ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing: 2 timar i 8 veker
Seminar: 2 timar i 2 veker

Om det melder seg færre enn fem studentar til eit emne, kan undervisningstilbodet bli tilpassa studentalet. Studentane vil i så fall bli informerte om det alternative undervisningsopplegget ved semesterstart, og før semesterregistreringsfristen 1. februar/1. september.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å kunne gå opp til eksamen må studentane

- ha lagt fram eit sjølvstendig arbeid der dei presenterer ein eller fleire pensumtekstar og drøftar han/dei i lys av eigne erfaringar og språksyn.
- ha levert eit førsteutkast til prosjektoppgåva

Vurderingsformer

Eksamensforma er ei rettleia prosjektoppgåve der studentane sjølve vel tema og problemstilling. Nærare retningsliner for oppgåva vert gitt i studiet.

Oppgåva vert skriven på engelsk.

Karakterskala

Ved sensur nyttar ein karakterskalaen A-F, der F er stryk.

Litteraturliste

Pensum utgjer omlag 700 sider av normal vanskegrad.
Institutt for framandspråk gir forslag om spesifisert pensumliste i emnet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd prosjektoppgåve

    Innleveringsfrist
    13.10.2017, 13:00
    Trekkfrist
    29.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen