Hjem

Utdanning

Masteremne

Engelskspråkleg litteratur

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår eller haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

ENGMAU642 gir ei kritisk og teoretisk innføring i engelskspråkleg litteratur. Kurset fokuserer på ein periode eller sjanger i engelskspråkleg litteratur, eller på eit litterært eller interdisiplinært tema. Vidare vil det også bli gitt ei innføring i viktige spørsmål knytt til moderne litteraturteori.

ENGMAU642 er ein obligatorisk del av ein erfaringsbasert master i undervisning.

Læringsutbyte

Studiet skal gi utvida kunnskap om litteratur og/eller kultur. Vidare skal studiet øva opp ei kritisk og sjølvstendig forståing av problemstillingar som er knytte til studiet av litteratur og/eller kultur. Studiet skal òg gjere studentane flinkare i skriftleg og munnleg engelsk.

Krav til forkunnskapar

Jf. opptakskrava til masterstudiet.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Emnet er ope for alle med studierett ved 2-årig erfaringsbasert master i undervisning. 

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Tre samlingar à to vekedagar, fordelt utover semesteret.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk.

Eit munnleg innlegg, vurdert til godkjent/ikke godkjent.

Vurderingsformer

Eksamen i ENGMAU642 blir arrangert kvar haust.

Eksamen er 14-dagars semesteroppgåve. Oppgåva skal være på 4000-5000 ord, skriven på engelsk.  

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttast karakterskalaen A-F, der F er stryk. 

Litteraturliste

Pensumet (tilsvarande 7-10 verk) kan omfatta litterære tekstar, sakprosatekstar, og teoretiske tekstar.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Semesteroppgåve

    Innleveringsfrist
    15.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    30.10.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen