Hjem

Utdanning

Masteremne

Erfaringsbasert masteroppgåve i undervisning med fordjupning i engelsk

Studiepoeng, omfang

60

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust og vår, til saman 4 semester

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet har som mål å gjere studenten i stand til å skrive ei fagdidaktisk masteroppgåve om eit sjølvvalt emne.

 

Innhald:

Studiet skal oppøve evne til sjølvstendig, kritisk og metodisk arbeid og høveleg framstillings- og dokumentasjonsteknikk.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten har

  • brei generell kunnskap innanfor faget og inngåande kunnskapar innanfor eit avgrensa område
  • grunnleggjande kunnskap om dei sentrale problemstillingane og metodane i engelsk fagdidaktikk

 

Ferdigheiter

Studenten kan

  • arbeide sjølvstendig og langsiktig med problemløysing på grunnlag av faglege kunnskapar
  • setje seg inn i og vurdere kritisk teoriar, metodar og tolkingar innanfor fagområdet
  • gjennomføre eit avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer

 

Generell kompetanse

Studenten

  • kjenner normene for akademisk skriving
  • kan uttrykkje på engelsk fagdidaktiske problemstillingar, analysar og konklusjonar
  • kjenner til relevante kommunikative sjangrar

Krav til forkunnskapar

Studentane må ha avlagt eksamen i litteraturemnet og språkemnet som blir tilbydd i studiet, samt emna Engelsk fagdidaktikk og Vitskapeleg metode og erfaringsdeling. Emna i kursdelen må vere avlagde og gjennomsnittleg karakter på dei fire emna må ikkje vere dårlegare enn C for at studentane skal kunne ta til med skriving av sjølve masteroppgåva. Obligatorisk aktivitet frå fellesemnet Profesjon, refleksjon og erfaring må vere stått.

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Individuell rettleiing

Seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Leggje fram eit kapittelutkast og gje tilbakemelding på kapittelutkast presentert av medstudent.

Vurderingsformer

Masteroppgåva skal skrivast på engelsk og vere på mellom 70 og 110 sider. (Sjå rettleiing for skriving av masteroppgåve.)

Den munnlege prøva har tilknyting til masteroppgåva og kan justere karakteren for masteroppgåva opp eller ned med ein karakter.

Alle obligatoriske arbeidskrav må vere oppfylte for at ein skal kunne møte til eksamen.

Karakterskala

Bokstavkarakterar med skalaen A, B, C, D, E, F

Vurderingssemester

Vår/haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/Institutt for framandspråk har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen

    Trekkfrist
    01.05.2018
    • Eksamensdel: Justerande munnleg eksamen

    • Eksamensdel: Masteroppgåve

      Innleveringsfrist
      01.02.2018, 13:00