Hjem

Utdanning

Masteremne

Fellesemne: Profesjon, refleksjon og erfaringsdeling

Studiepoeng, omfang

0 studiepoeng (Emnet inngår som obligatorisk del av arbeidet med masteroppgåva, og svarar i omfang til 15 studiepoeng.)

Studienivå (studiesyklus)

Master.

Undervisningssemester

Gjennomgåande emne i studiet frå 2. til og med 5. semesteret.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Studiet skal danne grunnlaget for studentane si forståing for faget, fagdidaktiske utfordringar og profesjonsutvikling, og førebu problemstillingar og tilnærmingar som kan utviklast vidare i ei masteroppgåve. Emnet skal avsluttast med ei prosjektskisse for masteroppgåva.

Emnet inngår som innleiande del av masteroppgåva. 

Studenten får rettleiing undervegs og skal leggje arbeidet fram på prosjektseminar. Ein føreset at studenten òg er med på drøftingar av planane til medstudentar.

Læringsutbyte

Studenten skal

  • kunne reflektere over eigen praksis i skolefaget i lys av teoretiske perspektiv og nyare forsking
  • kunne reflektere over eigen profesjonsidentitet som engelsklærar
  • utvikle kunnskap om krav til masteroppgåva, form og innhald
  • kunne orientere seg i forsking på område som er relevante for oppgåva
  • kunne samle inn relevant forskingsmateriale
  • meistre akademisk skrivedugleik
  • presentere og diskutere prosjektplanar

Krav til forkunnskapar

Opptak til Erfaringsbasert master i undervisning med fordjuping i engelsk

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Opptak til masterstudiet i undervisning med fordjuping i engelsk ved Det humanistiske fakultet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Ettersom studiet har eiga finansiering, er omfanget av undervisninga til ein kvar tid avhengig av tilførte midlar. Det omfanget som er omtalt her, kan difor verte redusert om finansieringa ikkje strekkjer til.

Undervisninga i fellesemnet vil vere knytt til fagsamlingar i løpet av 2.-5. semesteret. Ordinær undervisning har eit omfang på om lag 24 timar, og i tillegg kjem arbeidsseminar og nettbasert arbeid.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Frammøte til samlingane er obligatorisk. Konkretisering av dei obligatoriske kursoppgåvene går fram av semesterplanen. Rettleiing frå faglærar på prosjektskissa er obligatorisk.

Vurderingsformer

Ei rettleidd prosjektskisse til masteroppgåva med eit omfang på

4000-5000 ord.

Prosjektskissa skal ha ei overordna problemformulering og klår avgrensing av temaet, gjerne òg arbeidshypotesar. Det skal gjerast greie for relevant metode/modell, kjelder og mogeleg datagrunnlag. Prosjektskissa skal dokumentere kjennskap til relevant faglitteratur og ha eit utkast til bibliografi. Det skal skisserast ein framdriftsplan for masteroppgåva.

Oppgåva vert skriven på engelsk.

Karakterskala

Ved sensur av emnet nyttar ein greidd/ikkje greidd.

Litteraturliste

Studentane pliktar å skaffe seg kjennskap til den faglitteraturen som deltaking i undervisning, obligatoriske aktivitetar og prosjektskisseskriving krev. Den ferdig innleverte prosjektskissa skal ha ei litteraturliste som speglar det teoretiske, metodiske og faghistoriske grunnlaget for masterprosjektet.

Emneevaluering

Undervisninga blir evaluert i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studieveileder@if.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Utkast til masteroppgåve

    Innleveringsfrist
    06.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen