Gå til innhold
English A A A
Emne EUR102

Europeiske kulturar

Undervisningsperiode :

  • Inneværende semester

Aktuelle studieprogram

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Undervisninga er lagd til vårsemesteret.
Krav til forkunnskaper Studiet krev generell studiekompetanse.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Undervisninga er lagd til vårsemesteret.

Undervisningsspråk

Undervisningsspråket er i hovudsak norsk, unntaksvis engelsk

Læringsmål

Emnet tar sikte på å gje studenten innsikt i ulike aspekt ved ein del sentrale nasjonalkulturar i Europa, så vel i eit historisk perspektiv som ut frå dagens kulturpolitiske situasjon.

Fagleg innhald

EUR102 Innføring i europeiske kulturar er eit samarbeid mellom følgjande språkfag ved Institutt for framandspråk: engelsk, fransk, italiensk, russisk, spansk og tysk.

Emnet er sett saman av 2 hovuddelar:
1) Dagens samfunn sett i historisk perspektiv: Kulturell og nasjonal identitet, religion, skole, kjønnsroller, etniske grupper, fleirspråklegheit, innvandrarkulturar.

2) Media, litteratur og kunst: Film, visuell kunst, skjønnlitteratur, litteraturhistorie, fjernsyn og andre media si rolle.

Andre tema enn dei føreslått her kan vere aktuelle innanfor kvar av gruppene.

Krav til forkunnskapar

Studiet krev generell studiekompetanse.

Læremiddelomtale

Totalt 1200 -1400 sider.

Undervisningsmetodar

Undervisninga blir gitt i form av 40 timar (20 dobbelttimar) forelesingar.

Evaluering

Studium og undervisning blir evaluerte kvart vårsemester.

Vurdering / eksamensformer

Eksamenssvara kan skrivast på eit skandinavisk språk eller engelsk og består av to sjølvstendige delar som tel respektive 40% og 60% av den samla karakteren. For å få samla karakter i emnet må begge eksamensdelane vere greidd.

Del I (40% av samla karakter): Ei 4-vekers semesteroppgåve som består av eit essay på ca 2500 ord. Kvar student kan få inntil ein halv time rettleiing på grunnlag av innlevert disposisjon til oppgåva. For å kunne avleggje eksamen i eit semester utan undervisning, må oppgåva ha blitt levert inn i eit undervisningssemester.

Del II (60% av samla karakter): Ein 4-timars skriftleg eksamen.