Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Europa etter 1945: Ressursar, demografi, økonomi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelornivå

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet tar sikte på å gje studentane ei grunnleggjande innføring i hovuddrag av Europa sin økonomi med vekt på kunnskap om og innsikt i europeisk økonomisk utvikling og dei utfordringane europeiske økonomi møter i dag. Emnet skal gje oversikt over viktige prosessar som har ført fram mot våre dagars europeiske økonomi. I undervisninga blir hovudvekta lagt på den demografiske og økonomiske utviklinga i Europa i etterkrigstida.

Hovuddelar er:

  1. Økonomisk vekst og strukturendringar etter andre verdskrig. Det inkluderar utvikling og bruk av menneskelege og tekniske ressursar så vel som innovasjon.
  2. Tilpassing til ulik ressursfordeling, herunder og endringar i folkesetnaden.
  3. Globalisering, europeisk økonomisk samling etter sosialismen sitt samanbrot i Aust-Europa.

Emnet er obligatorisk for studentar på bachelorprogram i Europastudiar, men emnet kan og studeras av andre. Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne skal studenten ha kunnskap om utviklinga av institusjonar, system og prosessar som har påverka europeisk historie sidan 1945. Studenten skal kjenne til sentrale teoriar og debattar om denne utviklinga.

Ferdigheiter:

Studenten skal vise evne til å vurdere historiske problemstillingar kritisk. Studenten skal også demonstrere ferdigheiter gjennom å analysere faglitteratur, og evne å trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette.

Generell kompteanse:

Studenten skal visa evne til å setja seg inn i ein omfattande faglitteratur, til å formidla kunnskapar og synspunkt derifrå, og til å argumentera for eigne konklusjonar i skriftleg arbeid.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Krav til studierett

Emnet er opent for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Emnet er ope for personar utan studierett, etter søknad til Det humanistiske fakultet.

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisninga blir gitt i form av førelesingar (normalt 15 førelesningar).

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen

Vurderingsformer

6-timars skriftleg skuleeksamen.

Det vert også arrangert eksamen i semester utan undervisningstilbod (haust).

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Litteraturliste

Instituttet utarbeider pensumlister, pensum er omlag 1200 sider.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert jamleg.

Kontakt

Kontaktinformasjon

studierettleiar@ahkr.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    02.10.2017, 09:00
    Varigheit
    6 timer
    Trekkfrist
    18.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted
    • Solheimsgt. 18 (Administrasjonsbygget), Eksamenslokale 2. etg.