Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Psykologien si faghistorie og vitskapsteori

Studiepoeng, omfang

10

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i psykologien sitt opphav og utvikling som vitskapeleg og anvendt disiplin, samt gje ei innføring i sentrale vitskapsteoretiske spørsmål knytt til psykologi som vitskap og profesjonell praksis.

Tema 1: Psykologiens faghistorie

Studenten vil få ei kort innføring i psykologiens filosofiske røter, og framveksten av den første eksperimentalpsykologien. Hovudvekt ligger på å få oversikt over psykologiens hovudtradisjonar som praksisdisiplin og vitskap, og deira utvikling fram til i dag. Studentane får ei grunnleggjande innføring i forholdet mellom akademisk og anvendt psykologi. Vidare skal dei gjerast kjende med den internasjonale og nasjonale framveksten av psykologprofesjonen.

Tema 2: Psykologiens vitskapsteori

Det blir gitt ei grunnleggjande innføring i psykologiens kjenneteikn som samfunnsvitskap, naturvitskap og humanvitskap. Vitskapsfilosofiske problemstillingar knytt til forholdet mellom teoretisk kunnskap og praksiskunnskap vil også bli gjennomgått. Ein vil ha eit særskild fokus på vitskapsteoretiske problem knytt til å anvende psykologisk kunnskap i ulike kontekster. Det blir gitt en innføring i sentrale tradisjonar innanfor vitskapsteori og deira betyding for psykologifaget.

Læringsutbyte

Kunnskapar:

Ved fullført emne kan studenten:

  • kjenne til psykologiens filosofiske røter, psykologifaget sitt opphav og etablering som sjølvstendig vitskapeleg disiplin
  • greie ut om psykologiens hovudtradisjonar og framveksten av psykologprofesjonen
  • kjenne til psykologien sine kjenneteikn som naturvitskap, samfunnsvitskap og humanvitskap
  • greie ut om forholdet mellom teoretisk kunnskap og praksiskunnskap
  • kjenne til kjenneteikn ved psykologprofesjonen og dens kunnskapsutøving
  • greie ut om sentrale tradisjonar innanfor vitskapsteori som er viktige for psykologifaget
  • greie ut om sentrale vitskapsteoretiske og etiske problemstillingar knytt til å utøve praksis med grunnlag i psykologisk kunnskap.

Ferdigheiter:

Ved fullført emne kan studenten:

 

  • beskrive kjenneteikn ved psykologiens røter i filosofi
  • beskrive og diskutere dei sentrale kjenneteikn ved dei ulike psykologiske (skule-) retningane, samt å beskrive likskap og skilnader mellom desse med omsyn til innhald, metodebruk og menneskesyn
  • greie ut om skiljet og vekselverknadene mellom akademisk og anvendt psykologi
  • gjere greie for sentrale trekk ved psykologi som naturvitskapleg, samfunnsvitskapeleg og humanvitskapeleg tradisjon
  • diskutere forholdet mellom teoretisk kunnskap og praksiskunnskap

Generell kompetanse:

Ved fullført emne har studenten:

 

  • reflektere kritisk om historiske og vitskapsteoretiske problemstillingar innanfor psykologi

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Profesjonsstudiet i psykologi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesing og seminar

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ein godkjend seminaroppgåve (omfang: 3000 ord +/- 10-15%)

Vurderingsformer

24 timar skriftleg heimeeksamen (essay)

Hjelpemiddel til eksamen

Alle hjelpemidler er tillatt

Karakterskala

A-F

Vurderingssemester

Haust/ Vår

Litteraturliste

Emnet vert evaluert i tråd med Det psykologiske fakultet sine rutinar for deltakande evaluering og UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Fagrådet for profesjonsutdanninen i psykologi har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet, og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der

Emneansvarleg

Institutt for klinisk psykologi

Administrativt ansvarleg

Det psykologiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

Studierettleiar.psyfa@uib.no

Tlf 55 58 27 10

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    07.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    22.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen