Examen facultatum, Språk og kommunikasjon

Fakta om studiet

EmnekodeEXFAC00SK
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar
TilhørerDet humanistiske fakultet

Kontakt

Kontaktinformasjon

exfachf@uib.no

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane eit godt teoretisk og praktisk grunnlag for studium innanfor språkrelaterte fag.

Språk og kommunikasjon er ein av spesialdelane på Examen Facultatum. Emnet er valfri spesialdel i Examen Facultatum for studentar som ikkje følgjer studieprogram. Språk og kommunikasjon er obligatorisk spesialdel i Examen Facultatum for følgjande Bachelorprogram i språk og interkulturell kommunikasjon, russisk og Lektorutdanning med master i nordisk eller fremmendspråk. Språk og kommunikasjon er anbefalt innføringsemne for Bachelorprogram i arabisk, tysk, italiensk, japansk engelsk, fransk, språk og interkulturell kommunikasjon, språkvitskap, spansk språk og latinamerikastudium.

Språk er kanskje det viktigaste kjenneteiknet som skil mennesket frå andre levande vesen. Språket er heilt sentralt i menneskeleg tenking og samhandling, og kunnskapar om språk er essensielle for at vi skal forstå oss sjølve. Særleg viktig er det å ha slike innsikter når ein skal studere språk og andre fag som handlar om mennesket.

Emnet Språk og kommunikasjon formidlar grunnleggjande kunnskap om kva språk er, og om korleis språk er bygde opp. Korleis lagar vi språklydar? Korleis bruker vi lydane i ulike språk? Korleis byggjer vi opp komplekse ord og setningar slik at vi kan formidle tyding ved hjelp av språket? Og kva er tyding? Slike spørsmål er det dei språkvitskaplege fagområda fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks og semantikk handlar om. Emnet gjev ei innføring i desse disiplinane og praktiske øvingar i å bruke omgrep frå dei, som til dømes å bruke lydskrift og å analysere setningar.

Undervisningssemester

Det vert undervist i emnet i både vår- og haustsemesteret.

Vurderingssemester

Haust og vår

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Krav til studierett

Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet 

Krav til studierett

Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet 

Krav til forkunnskapar

Startgrunnlaget er generell studiekompetanse.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesningar, oppgåveseminar og rettleiing i arbeidet med obligatorisk øvingsoppgåve. Førelesningane utgjer 36 timar. Her vert sentrale delar av pensumet gjennomgått. Førelesningane er hovudsakleg teoretisk vinkla. Oppgåveseminar utgjer 24 timar per gruppe. Her arbeider studentane med praktiske- analystiske og teoretiske oppgåver. Deltaking i gruppene er frivillig, men føreset påmelding og opptak.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Emnet omfattar éi obligatorisk øvingsoppgåve med omfang og innhald omlag som ved ein eksamen. Oppgåva er obligatorisk for alle studentar på emnet, og for å få gå opp til eksamen må studenten ha levert den obligatoriske øvingsoppgåva innan fastsett frist. Fristen vert kunngjort seinast ved undervisningsstart for emnet. Oppgåva vert kunngjort minst tre veker før fristen. Øvingsoppgåva er gyldig i det semesteret ho er levert inn og i det påfølgjande semesteret. Det er mogeleg å levere øvingsoppgåve både i haust- og vårsemesteret. Studenten har rett til rettleiing i arbeidet med oppgåva.

Vurderingsformer

Eksamenen har form av ei avsluttande skriftleg prøve på fire timar.

For å få gå opp til eksamen må studentene ha levert ei obligatorisk øvingsoppgåve; jf. ovanfor. Eksamensoppgåva er samansett av fleire deloppgåver som saman trekkjer inn store deler av pensumet. Det vert gjeve teoretiske spørsmål og praktiske prøver, inkl. syntaktisk analyse og fonetisk transkripsjon. Det vert arrangert eksamen kvart semester.

Karakterskala

Det vert gjeve bokstavkarakterar, etter ein karakterskala som er gradert frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter.

Læremiddelomtale

Pensum er på omlag 300-350 sider. Det omfattar grunnleggjande emne frå fonetikk, fonologi, morfologi, syntaks og semantikk.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Studentane evaluerer innhald og undervisning på emnet kvart semesteret. Eit samandrag av resultata vert gjort kjent for studentane. Dei fagleg og studieadministrativt ansvarlege følgjer opp resultata og vurderer iverksetjing av tiltak for å bedre emnet.