Gå til innhold
English A A A
Emne EXFAC00TKEKS

Examen facultatum, Tekst og kultur - eksamensmodellen

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Undervising vert gjeve i vår- og haustsemesteret.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningssemester

Undervising vert gjeve i vår- og haustsemesteret.

Læringsmål

Tekst og kultur skal gi studentane ei generell innføring i dei humanistske faga, deira grunnlagsproblem og eigenart. Emnet skal gi eit analytisk og metodisk grunnlag for vidare studier i dei humanistiske faga. Studentane skal lære å sjå eiga studieverksemd og dei humanistiske faga innanfor ein breiare kulturell samanheng. Emnet tek sikte på å fremje ein reflekterande haldning til dei humanistiske faga, også i eit historisk og sosialt perspektiv.

Fagleg innhald

Tekst og kultur er ein av spesialdelane på Examen Facultatum. Emnet er valfri spesialdel i Examen Facultatum for studentar som ikkje følgjer studieprogram. Tekst og kultur er obligatorisk spesialdel i Examen Facultatum for følgjande Bachelorprogram i retorikk. Tekst og kultur er valfritt innføringsemne for Bachelorprogram i arkeologi, digital kultur, filosofi og idéhistorie, historie, kulturvitenskap, kunsthistorie og litteraturstudiar.

Tekst og kultur gir ei innføring i dei generelle grunnproblema innan dei humanistiske vitskapane. Emnet skal gi teoretiske og analytiske føresetnader for å studere humanistiske fag. Søkjelys er retta mot den sentrale rolla som tekst spelar i studier av faga ved Det humanistiske fakultet. Emnet vil gje studentane forståing for korleis ein arbeidar vitskapeleg med tekstar som materiale. Tekst og kultur er ei historisk og metodisk tilvenjing til omgrep som er overordna i dei humanistiske vitskapane, med vekt på tolking, retorikk, teiknlære og estetikk.

Studentane skal bli kjend med mangfaldet i og samanhengane mellom faga ved Det humanistiske fakultet. Tekst og kultur gir ein innføring i særskilde fagområde som litteratur, nyare medier, kunst, religion, musikk, arkeologi og historie.

Tekst og kultur gir god bakgrunn for vidare studier ved Det humanistiske fakultet.

Tilrådde forkunnskapar

Generell studiekompetanse.

Læremiddelomtale

Pensumet består av eit tekstutval som er samansett av ulike artiklar og utdrag frå verk. Pensumet spenner frå klassiske grunntekstar til vitskapelege innføringsartiklar og fagspesifikke artiklar. Det blir lagd vekt på at studentane skal få øving i å lese ulike slags vitskapelege tekstar.

Undervisningsmetodar

Undervising vert gjeve i form av førelesingar, og omfattar:

1) innføring i dei humanistiske faga sin eigenart, grunnlagsproblem og nøkkelomgrep

2) faghistorisk introduksjon til dei humanistiske faga

3) ulike aspekt ved retorikk og kommunikasjon

4) innføring i ulike fag: litteraturvitskap, medievitskap, musikkvitskap, arkeologi, kunsthistorie, religionsvitskap og historie

5) historiske perspektiv på tekst, kultur, tolking og forståing

Undervisinga er fordelt på lærarar frå dei ulike institutta ved fakultetet. Avhengig av kva for lærarar som deltek i undervisninga, vil pensum kunne variere noko frå semester til semester.

Obligatoriske aktivitetar (særskilde krav)

Studenten velgjer mellom to undervisningsformer: seminarmodellen og eksamensmodellen. Seminarmodellen er fakultetet sitt tilrådde opplegg for førstesemesterstudentar. Studentene følgjer førelesningar ein dobbeltime pr. uke og går opp til skuleeksamen ved slutten av semesteret.

Evaluering

Tekst og kultur skal med jamne mellomrom evaluere den faglege og praktiske organiseringa av studiet. Evalueringa vil liggje til grunn for vidare oppfølging.

Vurdering / eksamensformer

Ein kan avleggje eksamen i Tekst og kultur kvart semester.

Studentar som følgjer eksamensmodellen går opp til ordinær skuleeksamen (4 timar) på slutten av semesteret.

Det vert gjeve bokstavkarakterar, etter ein karakterskala som er gradert frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter.

Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Kontakt Informasjonssenteret ved Utdanningsavdelinga for informasjon om ordninga - telefon 55 58 21 40, e-post ekspedisjon@ua.uib.no