Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Examen facultatum, Tekst og kultur - seminarmodell

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningssemester

Undervising på seminarmodellen vert gjeve berre i haustsemesteret. Eksamensmodellen er både haust og vår.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Tekst og kultur er ein del av Examen Facultatum som skal gje studentane ei generell innføring i dei humanistske faga, deira grunnlagsproblem og eigenart. Emnet skal gi eit analytisk og metodisk grunnlag for vidare studier i dei humanistiske faga. Studentane skal lære å sjå eiga studieverksemd og dei humanistiske faga innanfor ein breiare kulturell samanheng. Emnet tek sikte på å fremje ein reflekterande haldning til dei humanistiske faga, også i eit historisk og sosialt perspektiv.

Søkjelys er retta mot den sentrale rolla som tekst spelar i studium av faga ved Det humanistiske fakultet. Emnet vil gi studentane forståing for korleis ein arbeidar vitskapeleg med tekstar som materiale. Tekst og kultur er ei historisk og metodisk tilvenjing til omgrep som er overordna i dei humanistiske vitskapane, med vekt på tolking, retorikk, teiknlære og estetikk.

Studentane skal bli kjend med mangfaldet i og samanhengane mellom faga ved Det humanistiske fakultet. Tekst og kultur gir ei innføring i særskilde fagområde som litteratur, nyare medium, kunst, religion, musikk, arkeologi og historie.

Tekst og kultur gir god bakgrunn for vidare studium ved Det humanistiske fakultet.

Krav til forkunnskapar

Generell studiekompetanse

Tilrådde forkunnskapar

 

Krav til studierett

Kandidatar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervising vert gjeve i form av førelesingar, og omfattar:

1) Innføring i dei humanistiske faga sin eigenart, grunnlagsproblem og nøkkelomgrep

2) Faghistorisk introduksjon til dei humanistiske faga

3) Ulike aspekt ved retorikk og kommunikasjon

4) Innføring i ulike fag: litteraturvitskap, medievitskap, musikkvitskap, arkeologi, kunsthistorie, religionsvitskap og historie

5) Historiske perspektiv på tekst, kultur, tolking og forståing

Undervisinga er fordelt på lærarar frå dei ulike institutta ved fakultetet. Avhengig av kva for lærarar som deltek i undervisninga, vil pensum kunne variere noko frå semester til semester.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten følgjer vanlege førelesningar og møter i tillegg på seminar, 2 timar kvar veke. Det er obligatorisk frammøte på seminara, og seminarleiar førar fråver. Det vert stilt krav til munnleg og skriftleg deltaking på seminara.

I seminarmodellen står studenten sin munnlege og skriftlege aktivitet sentralt. Studentar som følgjer seminarmodellen vil få eit aktivt forhold til pensum, og øve opp evna til å ta del i diskusjonar og presentere faglege problemstillingar for gruppa. I løpet av semesteret skriv studenten ein seminaroppgåve på ca. 2500 ord om et tema gjeve eller godkjend av seminarleiar.

For å få vurdert seminaroppgåva må følgjande obligatoriske arbeidskrav vere oppfylt:

- Deltaking ved minst 9 av 12 seminar

- Innlevering av eit utkast av seminaroppgåva som dannar utgangspunkt for ein obligatorisk individuell rettleiing

- Studenten må ha ein munnleg presentasjon i løpet av semesteret

- Studenten må ha bestått ein 45-minutters prøve som vert arrangert på slutten av semesteret. Prøva vert evaluert med "bestått"/"ikkje-bestått".

Studentar som får "ikkje bestått" på 45-minutters prøven vil få høve til ny prøve om lag to veker etter den første prøven. Alle arbeidskrav må vere bestått same semester for at seminaroppgåva skal verte evaluert.

Vurderingsformer

Ein kan avleggje eksamen i Tekst og kultur kvart semester.

Stundentar som følgjer seminarmodellen og som har oppfylt arbeidskrava som gjeld for denne, leverer inn seminaroppgåva til vurdering på slutten av semesteret. Studentar som ikkje har oppfylt arbeidskrava kan, innen ein gjeven tidsfrist, gå over til eksamensmodellen same semester.

Studenter som får "ikke bestått" på 45-minutters prøven vil få anledning til å ta ny prøve innen ca. 2 uker etter den første prøven. Studentar som ikkje fylgjer alle arbeidskrava (eller stryk på begge 45-minutters prøvene), må anten gå opp til skuleeksamen semesteret etter eller seinare, eller følgje heile opplegget for seminarmodellen på nytt.

Karakterskala

Det vert gjeve bokstavkarakterar, etter ein karakterskala som er gradert frå A til F, der E er dårlegaste ståkarakter.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Pensumet består av eit tekstutval som er sett saman av ulike artiklar og utdrag frå verk. Pensumet spenner frå klassiske grunntekstar til vitskapelege innføringsartiklar og fagspesifikke artiklar. Det blir lagt vekt på at studentane skal få øving i å lese ulike slags vitskapelege tekstar.

Emneevaluering

Tekst og kultur skal med jamne mellomrom evaluere den faglege og praktiske organiseringa av studiet. Evalueringa vil liggje til grunn for vidare oppfølging.

Kontakt

Kontaktinformasjon

exfachf@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    12.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    21.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen