Hjem
Click

Utdanning

Laveregradsemne

Examen philosophicum - skuleeksamen

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkjemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål innan dei humanistiske vitskapane. Studentane skal gjøre seg kjent med verkty som kan brukast til å analysere tekstar og bidra til klårleik i språkbruk og argumentasjon, både innanfor humaniora og i det breiare akademiske og offentlege ordskiftet.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for dei humanistiske vitskapane, til dømes kunnskapsteori, etikk, estetikk og språk- og argumentasjonslære.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt

- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar innanfor dei humanistiske vitskapane og offentleg debatt

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og talet på vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal skrive ei øvingsoppgåve.

Øvingsoppgåva er gyldig i det semesteret ho er levert inn og i det påfølgjande semesteret. Det er mogleg å levere øvingsoppgåve både i haust- og vårsemesteret.

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar). Det obligatoriske arbeidskravet må vere godkjent for at kandidaten skal kunne gå opp til eksamen. Skuleeksamen i emnet kan bli arrangert som digital eksamen.

Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust og vår

Litteraturliste

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg skoleeksamen

    Dato
    05.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen