Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Examen philosophicum - seminarmodell

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. innvie studentane i akademisk kultur og danning, og gi filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål i jussen. Emnet gir ei innføring i rettsfilosofi og andre filosofiske tema med særleg relevans for rettsvitskapen. I tillegg gir emnet ei innføring i språk- og argumentasjonsteori, med sikte på å fremje akademiske ideal om presisjon og stringens.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for rettsvitskapen, til dømes rettsfilosofi, etikk og politisk filosofi. I tillegg har studenten kjennskap til sentrale omgrep i språk- og argumentasjonsteori.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og prinsipiell drøfting av problemstillingar i jussen

- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar i det juridiske feltet

- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg handsaming av kjelder

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

- ta del i minst 75% av seminarsamlingane

- gi ein munnleg presentasjon i seminaret

- levere eitt utkast til seminaroppgåve

- møte til ei individuell rettleiing om seminaroppgåva

- greie breiddetest

Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.

Vurderingsformer

Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. I tillegg skal studenten skrive ei mindre oppgåve utan rettleiing. Seminaroppgåva tel 2/3 av karakteren, og den mindre oppgåva 1/3. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåvene vurdert. Begge oppgåvene må være greidd for å få endeleg karakter. Med stryk i ei eller begge oppgåver må ein gjere begge på nytt.

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant. Studenten skal også setje seg inn i tilleggslitteratur knytt til seminaroppgåva studenten arbeider med.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: To oppgåver

    • Eksamensdel: Rettleidd seminaroppgåve

      Innleveringsfrist
      17.11.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Ikkje-rettleidd oppgåve

      Innleveringsfrist
      03.11.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen