Examen philosophicum- skuleeksamen

Fakta om studiet

EmnekodeEXPHIL-MNEKS
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkjemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning. MN-varianten skal introdusere studentane for filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål innan dei matematisk-naturvitskaplege vitskapane, og for metafysiske, kunnskapsteoretiske, vitskapsteoretiske og etiske problemstillingar knytt til realfaga.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for realfaga, til dømes metafysikk, kunnskapsteori, vitskapsteori og etikk.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrer

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar knytt til realfaga

- bruk av vitskapsteoretiske omgrep som er sentrale for metodedebattane innanfor realfaga

Undervisningssemester

Haust og vår

Eksamenssemester

Haust og vår

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Sjå informasjon om korleis du søkjer om dette på: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Undervisning og omfang

Undervisninga har form av førelesingar.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal skrive ei øvingsoppgåve.

Øvingsoppgåva er gyldig i det semesteret ho er levert inn og i det påfølgjande semesteret. Det er mogeleg å levere øvingsoppgåve både i haust- og vårsemesteret.

Vurderingsformer

Ein skriftleg skuleeksamen (4 timar). Det obligatoriske arbeidskravet må vere godkjent for at kandidaten skal kunne gå opp til eksamen.

Ingen hjelpemiddel er tillatne på eksamen. (Men studentar utan norsk som morsmål kan vende seg til instituttet for informasjon om bruk av ordbøker.)

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.