Examen philosophicum - seminarmodell

Fakta om studiet

EmnekodeEXPHIL-MNSEM
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Antall semester1
Undervisingsspråk
Norsk
Ressursar

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning. MN-varianten skal introdusere studentane for filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål innan dei matematisk-naturvitskaplege vitskapane, og for metafysiske, kunnskapsteoretiske, vitskapsteoretiske og etiske problemstillingar knytt til realfaga.

Fagleg overlapp

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

- ta del i minst 75% av seminara

- gi munnleg presentasjon i seminaret

- levere utkast til seminaroppgåve

- møte til rettleiing

- greie breiddetest

Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.

Undervisningssemester

Haust (vår for studentane som tek bachelorprogram i biologi, havbruk, fiskehelse eller miljø- og ressursfag (naturvitskapleg og samfunnsvitskapleg retning))

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Undervisningsstad

Bergen

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for realfaga, til dømes metafysikk, kunnskapsteori, vitskapsteori og etikk.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar knytt til realfaga

- bruk av vitskapsteoretiske omgrep som er sentrale for metodedebattane innanfor realfaga

- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming

Krav til forkunnskapar

Ingen

Læremiddelomtale

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant. Studenten skal også setje seg inn i tilleggslitteratur knytt til seminaroppgåva studenten arbeider med.

Vurderingssemester

Haust (vår for studentane som tek bachelorprogram i biologi, havbruk, fiskehelse eller miljø- og ressursfag (naturvitskapleg og samfunnsvitskapleg retning))

Vurderingsformer

Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva vurdert.

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium