Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Examen philosophicum - seminarmodell

Studienivå (studiesyklus)

 

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning. MO-varianten skal introdusere studentane for filosofiske perspektiv på sentrale spørsmål i helsevitskapane; og for verkty som kan brukast til å analysere tekstar, både innanfor helsevitskapen og i det offentlege ordskiftet om helsespørsmål.

Læringsutbyte

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for helsevitskapane, til dømes kunnskapsteori, vitskapsteori, etikk, politisk filosofi og sinnsfilosofi.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrar

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå helsevitskap og offentleg helsedebatt

- bruk av sentrale omgrep frå helsevitskapanes vitskapsteori på analyse av tekstar innanfor helsevitskap og offentleg helsedebatt

- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming

Krav til forkunnskapar

Ingen

Tilrådde forkunnskapar

 

Studiepoengsreduksjon

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Studenten skal

- ta del i minst 75% av seminara

- gi munnleg presentasjon i seminaret

- levere ei skriftleg øving

- levere utkast til seminaroppgåve

- møte til rettleiing

- greie breiddetest

Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.

Vurderingsformer

Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva vurdert.

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Vurderingssemester

Haust

Litteraturliste

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant. Studenten skal også setje seg inn i tilleggslitteratur knytt til seminaroppgåva studenten arbeider med.

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Seminaroppgåve

    Innleveringsfrist
    08.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    10.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen