Gå til innhold
English A A A
Emne EXPHIL-PSEKS

Examen philosophicum- skuleeksamen

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 10
Undervisningssemester Det blir normalt gitt undervisning berre i haustsemesteret.Det vil ikkje bli gitt undervisning våren 2012. Det er likevel mogeleg å gå opp til eksamen i emnet.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Kontaktinformasjon

exphil@uib.no

Fagleg innhald

Examen philosophicum (ex.phil.) gir studentane ei innføring i allmenne idear og grunnproblem som har nedfelt seg i universitetstradisjonen. Ex.phil. presenterer denne tradisjonen sine problem frå ein filosofisk synsvinkel. Etiske, vitskapsfilosofiske, logiske og argumentasjonsteoretiske problemstillingar inngår her.

Studiet skal gi studentane ei innføring i sentrale, allmenne grunnlagsproblem i den vestlege tenkinga. Det blir lagt stor vekt på at studentane sjølve skal utvikle sine evner til å arbeide med slike grunnlagsproblem. Dette gjeld alle fakultetsvariantane. Utvalet av problemstillingar er likevel fakultetstilpassa. Dette tyder at ein vektlegg filosofiske problemområde som er særleg sentrale innan det røyndomsfeltet som blir dekka av det fakultetet som studenten har valt å studere ved.

Examen philosophicum består av to delar, ex.phil.-alfa og ex.phil.-beta.

Examen philosophicum er ein del av førstesemesterstudiet. Det består av examen philosophicum, examen facultatum og eventuelle andre innføringsemne som blir bestemt av fakulteta innanfor førstesemesteret si ramme på 30 studiepoeng. Desse emna skal ha ein indre samanheng. Examen philosophicum gir eit overordna filosofisk perspektiv. Dei andre førstesemesteremna vil innehalde innføringar i grunnlagsproblem som er karakteristiske for faga ved det aktuelle fakultetet.

Undervisningssemester

Det blir normalt gitt undervisning berre i haustsemesteret.

Det vil ikkje bli gitt undervisning våren 2012. Det er likevel mogeleg å gå opp til eksamen i emnet.

Mål og innhald

Examen philosophicum har som mål å gi studentane ved Universitetet i Bergen ei innføring i universitetet sine idétradisjonar så vel som universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Ex.phil. har som formål å gi eit overordna filosofisk perspektiv på akademisk kultur og danning.

Formål PS-varianten:

Dei læringsmål som gjeld for examen philosophicum generelt, gjeld òg for psykologi-varianten. Dei studentane som vel denne varianten, skal nå desse læringsmåla ved å arbeide både med problemstillingar som er allment dannande og slike som er særleg relevante for psykologi-studentar. Delar av pensum vil utgjere ein naturleg overgang til pensum i resten av førstesemesterstudiet for psykologar.

Ex.phil.-alfa

Læringsmåla i denne delen er:

- Studentane skal få ei innføring i filosofiske problem som er særleg relevante for psykologi-studentar. I denne samanhengen vil ei problematisering av mennesket si antatte særstilling i forhold til andre biologiske skapningar stå sentralt.

- Med utgangspunkt i dette spørsmålet vil ein søkje å kaste lys over problem i epistemologi, sinnsfilosofi og moralfilosofi.

Ex.phil.-alfa skal innehalde:

- ei kort innføring i det som er særeige for filosofiske spørsmål, særleg med tanke på kontrasten til og kontinuiteten med vitskaplege spørsmål

- ei innføring i nokre grunnleggjande spørsmål innan epistemologi, sinnsfilosofi og etikk

Under epistemologi blir følgjande handsama:

Sentrale filosofiske oppfatninger av kva kunnskap er og kva mennesket kan vite (inkludert vitskapleg kunnskap). Empirisme, rasjonalisme, transcendentalfilosofi og pragmatisme skal handsamast.

Under sinnsfilosofi blir følgjande handsama:

Særtrekk ved mennesket sitt medvet om seg sjølv og omverda i forhold til andre biologiske skapningar, slik desse er blitt forstått i den filosofiske tradisjonen. Ulike syn på kva status desse særtrekka får i lys av samtidas vitskaplege erkjenning.

Under etikk blir følgjande handsama:

- ulike syn på moralens grunnlag, inkludert dygdsetikk, deontologisk etikk, utilitarisme

- ulike syn på spørsmålet om mennesket har ein fri vilje

- ulike syn på i kva utstrekning vitskapleg kunnskap kan ha noko å seie for

moralfilosofiske spørsmål

Ex.phil.-beta

Læringsmåla i denne delen er:

- Studentane skal gjennom pensum og undervisninga få teoretisk innsikt og praktiske reiskapar for kritisk forståing av språkbruk og argumentasjon.

- Det blir særleg lagt vekt på bruken av denne forståinga på konkrete eksempel henta både frå den allmenne samfunnsdebatten og materiale med særskilt relevans for psykologifaget.

Ex.phil.-beta skal innehalde:

- teori om forståing og klargjering av språklege utsegn og nemningar (tolkings- og definisjonslære)

- teori om argumentasjon, med særleg tanke på å avveie motstridande syn mot kvarandre og vurdere styrken til argument

- ei innføring i normer for sakleg språkbruk til bruk i den allminnelege samfunnsdebatten og i faglege debattar

Undervisning og omfang

Studentar som ikkje følgjer seminarmodellen, har høve til å gå opp til ein skuleeksamen mot slutten av semesteret, under føresetnad av at studenten har gjennomført øvingsoppgåve (sjå under "Obligatoriske arbeidskrav"). Førelesingane på seminarmodellen er opne for desse studentane.

Obligatoriske arbeidskrav

For å kunne gå opp til eksamen, må studenten ha levert ei obligatorisk øvingsoppgåve som dekkjer båe emnedelar. Studenten får tilbakemelding på øvingsoppgåva. Nøyaktig tidspunkt for gjennomføring av øvingsoppgåva blir kunngjort på Mi side i byrjinga av semesteret. Øvingsoppgåva er gyldig i det semesteret ho er levert inn og i det påfølgjande semesteret.

Vurderingsformer

Eksamen er ein 4-timars skuleeksamen mot slutten av semesteret. Studentane skal her svare på spørsmål frå både alfa- og beta-delen. Ingen hjelpemiddel er tillate under eksamen. Det blir ikkje gitt kontinuasjonseksamen. Eksamen blir arrangert både i haustsemesteret og vårsemesteret.

Studentar må registrere seg og melde seg opp til eksamen i StudentWeb. Korrekt eksamensmelding er emnekode "EXPHIL-PSEKS".

Studenten får separat karakter for kvar emnedel. Den samla karakteren på ex.phil. er gjennomsnittet av karakterane på dei to emnedelane. Det blir gitt bokstavkarakterar frå A til F, der A er beste karakter og F er stryk. Studenten må bestå både alfa- og beta-delen for at ex.phil. skal bli godkjent. Med stryk i ein eller begge delane, må begge delane av ex.phil. gjennomførast på nytt.

Kandidatar utan studierett kan søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet. Kontakt Informasjonssenteret ved Studieadministrativ avdeling for informasjon om ordninga - telefon 55 58 21 40, e-post ekspedisjon@ua.uib.no

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. blir gjort med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

exphil@uib.no