Examen philosophicum - seminarmodell

Fakta om studiet

EmnekodeEXPHIL-PSSEM
Studiepoeng10
UndervisingssemesterVår, Haust
Undervisingsspråk
Norsk
Antall semester1
Ressursar

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

E-post: exphil@uib.no

Mål og innhald

Examen philosophicum skal gi studentane ei innføring i universitetet sine tenkje-, arbeids- og skrivemåtar. Vidare skal ex.phil. gi filosofiske perspektiv på akademisk kultur og danning, og på sentrale spørsmål i psykologien. Studentane skal gjere seg kjent med verkty ein kan bruke til å analysere tekstar og bidra til klårleik i språkbruk og argumentasjon, både innanfor psykologifaget og i det breiare akademiske og offentlege ordskifte.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar

Ved fullført emne har studenten kjennskap til utvalde filosofiske emne som har relevans for psykologien og psykologiens historie, til dømes kunnskapsteori, sinnsfilosofi, vitskapsfilosofi, filosofiske menneskesyn, etikk og språk- og argumentasjonslære.

Dugleikar og kompetanse

Studenten meistrer

- bruk av filosofiske omgrep i analytisk og kritisk drøfting av problemstillingar frå psykologi og offentleg debatt

- bruk av språk- og argumentasjonsteori på tekstar innanfor psykologifaget og i offentleg debatt

- grunnleggjande normer for skriftleg og munnleg akademisk framstilling, som klårleik, sjølvstende og reieleg kjeldehandsaming

Undervisningssemester

Haust 

Eksamenssemester

Haust

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen. Studentar utan studierett kan ikkje søkje om å gå opp til særskilt eksamen i emnet.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Fagleg overlapp

Alle emna med ein emnekode som begynner med EXPHIL- er fakultetsvariantar av det same emnet. Det er derfor full fagleg overlapp mellom desse emnekodane, slik at ein berre kan få utteljing i studiepoeng for eitt av dei, og antall vurderingsforsøk blir telte på tvers av fakultetsvariantane, jf. Forskrift om opptak, studier, vurdering og grader ved Universitetet i Bergen, § 6.8.

Undervisning og omfang

Undervisninga har form av førelesingar og seminarsamlingar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatoriske arbeidskrav

Studenten skal

- ta del i minst 75% av seminara

- gi munnleg presentasjon i seminaret

- levere utkast til seminaroppgåve

- møte til rettleiing

- greie minst to av tre breiddetestar undervegs i kurset

Godkjenninga er gyldig berre i semesteret for godkjenning.

Vurderingsformer

Studenten skal skrive ei seminaroppgåve undervegs i kurset. Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva vurdert.

Karakterskala

I vurderinga på emnet nyttar ein karakterskalaen A-F.

Læremiddelomtale

Examen philosophicum har spesialtilpassa pensum for kvar fakultetsvariant. Studenten skal også setje seg inn i tilleggslitteratur knytt til seminaroppgåva studenten arbeider med.

Undervisningsstad

Bergen

Emneevaluering

Evaluering av ex.phil. vert gjort med jamne mellomrom.