Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Organisk syntese og analyse

Undervisningssemester

Haust (fargekode:raud). Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset vil omfatte syntese av organiske sambindingar med bruk av mikro- og halvmikroutstyr. Syntesane skal vise korleis organiske reaksjonar dannar basis for industriell verksemd så som organisk fin kjemi og farmasøytisk kjemi, innan tilgrensa fagområde som biologi, geologi, og medisin. Kurset vil gje ei enkel innføring i analytisk organisk kjemi ved bruk av kvalitative analyser og instrumentelle metodar med vekt på spektroskopi. Prinsipp for nokre metodar for stukturanalyse av organiske sambindingar vil bli gjennomgått. Omfattande laboratorie-arbeid med moderne syntetiske reaksjonar og analytiske metodar vil illustrere kva organisk kjemi betyr for samfunnet. Det blir fokusert på metodar innan ¿grøn kjem¿, dvs. korleis ei kan gjera kjemisk syntese på ei miljøvenleg måte.

Læringsutbyte

Etter fullført emne FARM131 skal studenten kunne:

  • analysere og utarbeide flytskjema for organiske syntese- og analyseprosedyrar.
  • analysere eit utval kjemiske reaksjonar som er nytta i samband med syntese av viktige organiske sambindingar.
  • skrive reaksjonsskjema og mekanismar for eit utval viktige reaksjonar nytta i organisk syntese.
  • kjenne til forskjellige apparat og glasutstyr som vert nytta i organisk syntese laboratorium og kunne nytta desse i grunnleggande eksperimentelt syntetisk arbeid.
  • skrive syntesetabell, berekne utbytte og samanfatte eksperimentelle resultat i laboratorierapport.
  • arbeid i samsvar med dei grunnleggjande reglane for helse, miljø og sikkerheit (HMS) for organisk kjemilaboratorium

Krav til forkunnskapar

KJEM100/KJEM110/FARM110.

Tilrådde forkunnskapar

KJEM130/FARM130. Kurset KJEM131/FARM131 er basert på at studentane har kunnskapar i organisk kjemi som tilsvarar nivå frå KJEM130/FARM130.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi og Masterprogram i farmasi for reseptarer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs m/journal (del av mappeevalueringa).
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen , 4 timar

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K103: 5stp. K234: 5stp. K234A: 5stp. KJEM131: 10stp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    15.12.2017, 14:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.12.2017