Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Biokjemi

Undervisningssemester

Haust

Mål og innhald

Emnet skal gje studenten basal kunnskap i biokjemi og molekylærbiologi for å kvalifisere studenten for vidare studier. Studentane skal få innsikt i eksperimentell molekylærbiologi og oversikt over bioteknologisk metodikk.

Studenten skal tileigne seg kunnskap om:

  • Cella sine byggjesteinar: struktur, syntese og funksjon av DNA, RNA og proteiner
  • Hemoglobin og myoglobin sin bygnad og molekylære funksjon
  • Enzym og enzymkinetikk
  • Lipidane si rolle og bygnad
  • Cella sin energiomsetnad
  • Cellekjernen og basale genetiske mekanismar som replikasjon og transkripsjon og deira regulering
  • Diversitet av immunoglobuliner på DNA-nivå samt veldig elementær immunologi
  • Translasjon
  • Signaloverføring i celler
  • Cellulære reguleringsmekanismar
  • Cella sin metabolisme

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha erverva grunnleggjande kunnskapar og innsikt i cella sin biokjemi og funksjon, samt kunnskap om cellulære reguleringsmekanismar. Studenten skal vere i stand til å beskrive grunnleggjande strukturar, eigenskapar og metabolisme til karbohydrater, proteiner, lipidar og nukleinsyrer. I tillegg skal studenten kjenne til sikkerhetsreglement på laboratoriekurs, ha ei oversikt over biokjemisk og cellebiologisk eksperimentell metodikk, samt utvikle praktiske eigenskapar i somme biokjemiske og molekylærbiologiske metodar.

Krav til studierett

Integrert masterprogram i farmasi og Masterprogram i farmasi for reseptarar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesingar, spørjetimar, organiserte og delvis leia kollokvium, tryggleikskurs, laboratoriekurs.

Rundt 6 timar førelesingar per veke i rundt 7-8 veker. I tillegg kjem laboratoriekurs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Deltaking på laboratoriekurs og tryggleikskurs er obligatorisk. Her vert det stilt krav om tilfredstillande utføring. Journalane må vere godkjende før studentane kan gå opp til eksamen. Studentane vert oppmoda til å delta på førelesingar og kollokvium.

Vurderingsformer

4 timars skriftleg eksamen.

Karakterskala

A-F

Fagleg overlapp

MOL100 (5sp), MOL101 (10sp), MOL200 (5sp)

Emneevaluering

Skriftleg evaluering via Mitt UiB.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for biomedisin

studie@biomed.uib.no

(+47) 55 58 64 39 / 55 58 64 40 / 55 58 60 95

Emneansvarleg:

Anni Vedeler, http://uib.no/personer/Anni.Vedeler

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg prøve

    Dato
    12.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2017