Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Farmasøytisk fysikalsk kjemi

Studiepoeng, omfang

10.

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor.

Undervisningssemester

Haust. Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket.

Undervisningsstad

Bergen.

Mål og innhald

Mål:

Kurset har som mål å gi grunnleggande kunnskap innan teoretisk og anvend termodynamikk utifrå eit kjemisk perspektiv.

Innhold:

Emnet inneheld ei grundig framstilling av termodynamikkens lover, samt utvalde emne innan farmasøytisk teknologi, makromolekyl og kolloidkjemi. Emnet byggjer vidare på termodynamiske og kinetiske grunnomgrep introdusert i FARM110. Emnet omhandlar m.a. kjemisk likevekt, faselikevekter, fasediagram (overgangar mellom gass, væske og faste stoff), eigenskapar av væskeblandingar og løysingar av stoff i væsker. Sentrale omgrep og fenomen vil bli undersøkt i laboratoriedelen.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbyte definert i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskapar

Studenten kan

  • gjere reie for termodynamiske lover, storleiker og funksjonar og deira praktiske tyding
  • utlede viktige termodynamiske samanhengar
  • utføre numeriske berekningar av termodynamiske storleiker
  • anvende termodynamiske prinsipp til å analysere praktiske problemstillingar
  • forstå diffusjon og makromolekyler

Ferdigheiter

Studenten kan

  • bruke Excel til å arbeide med og gi en grafisk framstilling av måleresultat
  • dokumentasjon av laboratorieforsøk

Generell kompetanse

Studenten kan

  • formidle og vurdere resultat frå kjemisk laboratorieforsøk
  • vurdere usikkerheita i kvantitative måledata

Krav til forkunnskapar

FARM110/KJEM110.

Tilrådde forkunnskapar

MAT101.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi og Masterprogram i farmasi for reseptarar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga gis i form av førelesningar, rekneøvingar og laboratorieundervisning

Førelesningar, 4 timar pr. veke i 12 vekerRekneøvingar, 4 timar pr. veke i 10 veker

Laboratoriearbeid, 6 timer i uken i 3 uker.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs m/rapportar og lab.-førebuing. Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må du ta kurset same semester i forkant av undervisninga.

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få dei godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet. Dei obligatoriske aktivitetane er ikkje ein del av vurderingsgrunnlaget. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i ti påfølgjande semester.

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Tel 100 % av sluttkarakteren. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i ti påfølgjande semester.

Lovleg hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel lommekalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Hjelpemiddel til eksamen

Enkel kalkulator i tråd med retningslinjene til fakultetet.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K104: 10stp, K104A: 10stp, KJEM210: 10stp, FARM210: 10stp.

Vurderingssemester

Det er ordninær eksamen kvart semester.

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Kjemisk institutt.

Emneansvarleg

Kjemisk institutt.

Administrativt ansvarleg

Kjemisk institutt.

Institutt

Kjemisk institutt.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt evt. studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg eksamen

    Dato
    21.12.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    07.12.2017