Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Farmakognosi, inklusive botanikk

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset inneheld ei kort innføring i plantesystematikk. Sentrale gift- og medisinplantar samt naturlegemiddel vert omtala. Viktige stoffklassar (sekundære metabolittar) i og frå naturen vert framheva, og det vert lagt vekt på klassifisering, nomenklatur, struktur, biosyntese, førekomstar, analyse og farmasøytiske perspektiv. Praktiske øvingar demonstrerer ulike teknikkar innanfor naturstoffkjemi.

Læringsutbyte

Etter fullført emne FARM238 skal studenten kunne:

  • gje ei oversikt over feltet naturstoffkjemi.
  • identifisere ulike typar naturstoff, deira førekomstar, struktur, biosyntese og eigenskapar.
  • drøfte bruk av naturstoff som utgangspunkt for legemiddel.
  • utføre sjølvstendige undersøkingar av plantemateriale og naturstoff.

Krav til forkunnskapar

FARM130/KJEM130 eller tilsvarande.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi eller Masterprogram i farmasi for reseptarar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Forelesing: 4 timar per veke

Laboratoriekurs

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs. Obligatoriske aktivitetar er gyldige i seks påfølgande semester.
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4t). Dersom det er få deltakarar kan det verta munnleg eksamen.

Lovlege hjelpemiddel på eksamen er: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar og molekylbyggjesett. 

Obligatoriske innleveringar må leverast innan fastsette fristar for å få obligatoriske aktivitetar godkjende og for å få tilgang til avsluttande eksamen i emnet.  

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

KJEM238:10 stp, KJEM332:10 stp, K332:9stp

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisinga i tråd med UiB sitt kvalitetssikrginssystem

Kontakt

Kontaktinformasjon

 Forelesarar og administrativ ansvarleg finn du på Mitt UiB. Kontakt eventuelt studiekonsulent på Kjemisk institutt.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Munnleg eksamen

    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.11.2017
  • Vurderingsordning: Skriftleg prøve

    Trekkfrist
    13.09.2017