Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Analytisk kjemi

Undervisningssemester

Vår (Fargekode: rød).
Emnet har eit avgrensa tal plassar og inngår i undervisningsopptaket. Meir info: http://www.uib.no/matnat/utdanning/studiehverdag/undervisningsopptaket

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset gjev ei innføring i kvantitativ analyse av uorganiske og organiske sambindingar i dei vanlegaste prøvematriser, som luft, vatn, fast stoff og biologisk materiale. Forskjellige trinn i analysegangen vil bli omhandla, som prøvetaking, prøveopparbeiding, våtkjemisk og instrumentell analyse, kvalitetssikring, og vurdering og rapportering av analyseresultat. I laboratoriekurset skal studentane bestemme konsentrasjonar av analyttar i reelle prøver.

Læringsutbyte

Etter fullført emne FARM250 skal studenten kunne:

  • forklare prinsippa bak dei vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse.
  • peike på anvendelser for de vanlegaste metodane i kvantitativ kjemisk analyse.
  • berekne analyseresultat basert på dei mest brukte kvantifiseringsprinsippa.
  • anvende grunnleggjande statistiske metodar til å vurdere eit analyseresultat.
  • forklare vanlege årsaker til analysefeil og tiltak som kan brukast for å motverke dei.
  • anvende skrivne prosedyrar til å utføre nøyaktige kvantitative bestemmingar på laboratoriet.

Krav til forkunnskapar

KJEM/FARM110, KJEM/FARM131 eller tilsvarende

Tilrådde forkunnskapar

KJEM120, KJEM210, MAT101/MAT111, STAT101/STAT110 eller tilsvarende

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi og Masterprogram i farmasi for reseptarer.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Laboratoriekurs. Karakteren i godkjenning av analyseresultater på lab og føring av labjornaler er gyldig i 6 påfølgande semester.
Godkjend HMS-kurs. Dersom du ikkje har godkjend HMS-kurs ved Kjemisk institutt, UiB frå tidlegare, må kurset takast same semester i forkant av undervisninga. Meir om HMS-kurset på adresse: http://www.uib.no/kj/utdanning/obligatorisk-hms-kurs

Vurderingsformer

Skriftleg eksamen (4 t).

Tillatne hjelpemiddel på avsluttande eksamen: Enkel kalkulator i samsvar med modell oppført i fakultetets reglar. 

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Fagleg overlapp

K241: 10stp. KJEM250: 10 stp.

Vurderingssemester

Det er ordinær eksamen kvart semester

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet.

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg prøve

    Dato
    25.09.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    11.09.2017