Menneskets fysiologi

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet har som mål at studentane etter gjennomført studium kan definera dei grunnleggande fysiologiske omgrepa, greie ut for mekanismane for dei ulike kroppsfunksjonane og forklåre korleis reguleringsmekanismane kan rette opp igjen likevekt og funksjon, gitt ei forstyrring av likevekta i eit fysiologisk system.

Emnet skal formidle forståing for det biologiske grunnlaget for menneskelig fysiologi.

Studiet tar opp tema som nevrofysiologi, blodets celler og funksjon, hjerte-/kar-fysiologi, respirasjons- og arbeidsfysiologi, varmebalanse og temperaturregulering, nyre og syre/base-balanse, endokrinologi og reproduksjon, fordøyelse og ernæring.

Læringsutbyte

Kunnskapar
Studentane

  • har brei kunnskap om dei grunnleggande fysiologiske omgrepa og mekanismane for organ og organsystemet sin normale funksjon og samspel hos menneske.
  • har brei kunnskap om kroppen sine reguleringsmekanismar for å oppattrette likevekt og funksjon ved sjuklege tilstandar som leiar til forstyrring av kroppen sine fysiologiske system.
  • har grunnleggande kunnskap om korleis samfunnsmessige forhold påverkar folk sin tilgang på og val av matvarer, og kva ernæringspolitiske verkemiddel som kan takast i bruk for å betre den generelle ernærings- og helsetilstanden basert på berekraftige matproduksjonssystem.

Ferdigheiter
Studentane

  • kan bruke kunnskap om fysiologi til å forklare organ og organsystemers funksjon i fysiologiske prosesser
  • kan bruke sin fagleg kunnskap og relevante resultat til å forklare bakgrunnen for relevante kliniske problemstillingar

Generell kompetanse
Studentane

  • Kan bruke sine kunnskapar til å formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg
  • kan bruke sine kunnskapar til å utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet for å forstå normalfunksjon og sjukdomsprosessar

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Fagleg overlapp

BMED252, NUTRFYS, OD1FYS, OD2FYS

BMED340

Studiepoengsreduksjon
OD1FYS, NUTRFYS (BMED252)
Krav til studierett
Integrert masterprogram i farmasi, eller masterprogram i medisinsk teknologi
Arbeids- og undervisningsformer

Undervisning omfattar førelesningar på omkring 80 timar

Vurderingsformer
Skriftleg eksamen, 3 timar
Karakterskala

A-F

Emneevaluering

Skriftleg evaluering ved bruk av elektronisk evalueringsverkty.

Hjelpemiddel til eksamen
Enkel tospråkleg ordbok som må vere kontrollerbar, dvs. at det eine språket må vere engelsk eller et skandinavisk språk.