Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Farmakologi semester I

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Kurset skal gi kunnskap i generell farmakologi før framhaldende studier i spesiell farmakologi.

- Farmakodynamikk: Læra om legemidla sin verknad på kroppen. Generelt om legemidla sine molekylære verknadsmekanismar. Struktur og funksjon hos målprotein som vert påverka av legemiddel.

- Farmakokinetikk: Læra om kva som skjer med legemidlar i kroppen

- Spesifikke legemidlar og deira verkemåte og bruk. F.eks. kolinerg og adrenerg farmakologi, svake og sterke analgetika, steroidhormon og cytostatika

Læringsutbyte

Etter å ha teke dette emnet skal studentane:

  • Kunna beskrive korleis legemidlar interagerer med reseptorar og andre målprotein i kroppen
  • Kunna beskrive sentrale omgrep i samband med legemidla sin absorpsjon, distibusjon, likevektskonsentrasjon i plasma, og eliminasjon.
  • Kunna beskrive indikasjonar, verknadsmekanismer og fysiologiske effektar ved bruk av nokre forskjellige medikamentgrupper.

Krav til studierett

For oppstart på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma "Integrert masterprogram i farmasi" eller "Masterprogram i farmasi for reseptarar"

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Førelesningar, kollokvier og gruppearbeid. 40 timar forelesningar, 12 timar gruppeundervisning (case-studiar), 8 timar kollokvier.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Innlevering av mappe

Vurderingsformer

Skriftlig eksamen (4 timer). Dersom det er få deltakarar kan det bli muntlig eksamen.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen A-F nytta.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Institutt

Klinisk institutt 2

Kontakt

Kontaktinformasjon

Administrative spørsmål:studie@kliniskmedisin.uib.no

Emneansvarlig: Lars Herfindal: lars.herfindal@uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg prøve

    Dato
    27.11.2017, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen