Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Klinisk farmasi

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeFARM320
  • Talet på semester1
  • Språk Engelsk og norsk
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Klinisk institutt 2

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ein introduksjon til klinisk farmasi. Studentane skal utvikle basale kliniske ferdigheiter i løpet av emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten, i ein hjarte-kar sjukdomskontekst, kunne:

  • Vise korleis farmasøytisk omsorg kan forbetrast for pasientar
  • Halde effektive presentasjonar
  • Svare tilfredsstillande på enkle førespurnader om legemiddelinformasjon
  • Vise korleis legemiddelsamstemming vert utført ved innlegging på sjukehus
  • Gi tilfredsstillande og tilpassa legemiddelrelaterte råd til pasientar
  • Vurdere legemiddelbehandling og utarbeide plan for farmasøytisk omsorg
  • Foreslå effektive strategiar for å fremme etterleving

Krav til forkunnskapar

Det er krav om at alle tidligare emne i farmasistudiet er bestått for å kunne starte på emnet. Det kan søkast om dispensasjon frå kravet ved heng på 10 studiepoeng.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på Integrert masterprogram i farmasi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset inneheld:

Seminar, førelesningar og utplasseringar på sjukehus, tilsvarande 5 stp totalt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på alle seminar og utplasseringar. Obligatorisk oppmøte på førelesningar (Maksimalt 20 % fråvær frå førelesningar tillates). Mappeinnlevering som skal innehalde rapportar frå utplasseringar, rapportar frå seminar, kliniske rapportar, refleksjonar rundt utplasseringane og dei oppnådde kliniske ferdigheiter, og eit drøftande essay

Vurderingsformer

Vurderinga er todelt, ein må score over 60 % på begge delar for å bestå kurset.

Skriftleg 4 timars eksamen:

Del 1, 2 timer: OSCE-eksamen

Del 2, 2 timer:

- 1 time med alle skriftlege hjelpemiddel der studenten lagar ein farmasøytisk omsorgsplan.

- 1 time utan hjelpemidel med 30 fleirvalsspørsmål.

Obligatoriske undervisningsaktivitetar må være bestått for å ta skriftlig eksamen.

 

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mi side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet:

studie@farmasi.uib.no