Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Klinisk farmasi

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Klinisk institutt 2

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane ein introduksjon til klinisk farmasi. Studentane skal utvikle basale kliniske ferdigheiter i løpet av emnet.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten, i ein hjarte-kar sjukdomskontekst, kunne:

  • Vise korleis farmasøytisk omsorg kan forbetrast for pasientar
  • Halde effektive presentasjonar
  • Svare tilfredsstillande på enkle førespurnader om legemiddelinformasjon
  • Vise korleis legemiddelsamstemming vert utført ved innlegging på sjukehus
  • Gi tilfredsstillande og tilpassa legemiddelrelaterte råd til pasientar
  • Vurdere legemiddelbehandling og utarbeide plan for farmasøytisk omsorg
  • Foreslå effektive strategiar for å fremme etterleving

Krav til forkunnskapar

Det er krav om at alle tidligare emne i farmasistudiet er bestått for å kunne starte på emnet. Det kan søkast om dispensasjon frå kravet ved heng på 10 studiepoeng.

Krav til studierett

Emnet er reservert for studentar på Integrert masterprogram i farmasi

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Kurset inneheld:

Seminar, førelesningar og utplasseringar på sjukehus, tilsvarande 8 stp totalt.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk oppmøte på alle seminar og utplasseringar. Obligatorisk oppmøte på førelesningar (Maksimalt 20 % fråvær frå førelesningar tillates).

Vurderingsformer

Vurderinga er tredelt, og ein må score over 60 % på alle delane for å bestå kurset.

Del 1: Oppgåve innlevering/Portfolio som skal innehalde rapportar frå utplasseringar, rapportar frå seminar, kliniske rapportar, refleksjonar rundt utplasseringane og dei oppnådde kliniske ferdigheiter, og eit drøftande essay

Del 2: OSCE-eksamen

Del 3: Skriftlig eksamen, 2 timar:

- 1 time med alle skriftlege hjelpemiddel der studenten lagar ein farmasøytisk omsorgsplan.
- 1 time utan hjelpemidel med 30 fleirvalsspørsmål. 

Del 2 og 3 vil gjennomførast på same dag.

Om du ikkje får bestått på en eller fleire delar av vurderinga, må da ta om igjen den eller de delane du ikkje har bestått.

Karakterskala

Greidd/ikkje greidd.

Vurderingssemester

Haust

Emneevaluering

Studentane skal evaluere undervisninga i tråd med UiB og instituttet sitt kvalitetssikringssystem.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og administrativ kontaktperson finn du på Mitt UiB, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet:

studie@farmasi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Skriftleg, praktisk prøve og oppgave/portfolie

    Trekkfrist
    01.09.2017
    • Eksamensdel: Oppgave/Portfolie

    • Eksamensdel: Objective structured clincal examina

      Dato
      12.12.2017, 09:00
      Varigheit
      4 timer
    • Eksamensdel: Skriftleg skoleeksamen

      Dato
      12.12.2017, 09:00
      Varigheit
      2 timer