Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Farmakoterapi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeFARM395
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk og engelsk 
  • Ressursar

Studienivå (studiesyklus)

 Master

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

 Bergen

Mål og innhald

Målet er at studentane etter kurset har en forståing og innsikt i legemiddelbehandling, medrekna planlegging, gjennomføring, evaluering og justering.

Læringsutbyte

Etter fullført kurs skal studentane ha ei forståing for og innsikt i legemiddelbehandling, medrekna planlegging, gjennomføring, evaluering og justering. Studenten skal:

  • kunne innhente nok opplysningar om legemiddelbehandling, og eventuelt alternativ til denne, til å kunne utarbeide forslag til rasjonell legemiddelbehandling på grunnlag av ein pasient sin sjukdom og kliniske data om denne.
  • kunne evaluere og om nødvendig gi forslag på evidensbasert grunnlag til justering av ei initiert legemiddelbehandling.
  • kunne presentere dette for andre, samt grunngi desse forslaga på bakgrunn av ein kritisk gjennomgang av litteraturen for den aktuelle sjukdommen.

Tilrådde forkunnskapar

FARM290 og FARM293 eller tilsvarende.

Krav til studierett

 For opptak på emnet er det krav om ein studierett knytt til studieprogramma Integrert masterprogram i farmasi eller Masterprogram i farmasi for reseptarar.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

PBL-basert undervisning med ressursforelesningar, 4-6 timer i veka i 10 veker

Obligatorisk undervisningsaktivitet

 Obligatorisk oppmøte på undervisninga og aktiv deltaking i gruppearbeid.

Vurderingsformer

A. Mappeevaluering, som samla innlevering ved slutten av kurset. Krav til innhald i mappa vert gitt i særskilt plan som presenterast ved kursstart.

B. 2 timar skriftleg eksamen. Alle skriftlege og digitale kjelder er tillate.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen Bestått/Ikkje bestått nytta. Både mappeevaluering og eksamen skal vere bestått.

Vurderingssemester

Haust

Kontakt

Kontaktinformasjon

Forelesar og Administrativ kontaktperson finn du på Min side, kontakt ev studiekonsulenten på instituttet:

studie@farmasi.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
  • Vurderingsordning: Skoleeksamen

    Dato
    04.12.2017, 09:00
    Varigheit
    2 timer
    Trekkfrist
    01.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen