Gå til innhold
English A A A
Emne FIL111

Filosofiske grunnspørsmål i filosofihistoria

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp

FIL111 erstattar FIL101.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over hovudlinjer i den europeiske filosofien si historie
  • kjennskap til ulike filosofiske område som til dømes epistemologi, etikk, politisk filosofi, estetikk og eksistensfilosofi
  • god innsikt i filosofiske grunnomgrep, problemstillingar og argument knytt til desse områda
  • tileigne seg eit historisk blikk på filosofiske problemstillingar
  • kunnskap om korleis kjønnsperspektiv kjem til uttrykk i ulike epokar

Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å

  • lese fagfilosofiske tekstar frå ulike historiske epokar
  • bruke ulike tolkingsperspektiv på sentrale kanoniske tekstar
  • kjenne att relevante trekk frå historiske hovudlinjer i filosofien både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar
  • setje samtidige og historiske samfunnsdebattar i eit filosofihistorisk perspektiv
  • kunne diskutere/problematisere spørsmål relatert til ulike kjønnsperspektiv

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse i

  • å på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i litteratur innan dei filosofiske områda det gjeld
  • å formidle filosofiske problemstillingar og argument på eit generelt nivå
  • å applisere og vurdere relevansen av filosofiske omgrep og argument på problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
  • kjenne att grunnleggjande filosofiske problemstillingar og argument i ulike kontekster
  • å nytte eit generelt analytisk blikk på ulike tekstsjangrar med omsyn på kategoriar som argument, definisjon og problem

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Mål: Emnet skal gje studentane grunnleggjande kjennskap til hovudproblem og grunnomgrep i europeisk filosofi, og til hovudtrekka i den europeiske filosofien si historie. Studentane skal tileigne seg kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å seie noko om kva filosofi er. Dei skal óg kunne formidle sentrale filosofiske teoriar og problemstillingar og kunne applisere desse i ulike samanhengar. Dei skal vere i stand til å diskutere spørsmål kring tradisjonen og filosofihistoria si verdi for filosofifaget si eigenart og kjenne til kjønnsperspektivet si rolle i faget. Emnet skal dessutan gje eit grunnlag for å følgje med i samtidsdebatten innan faget. Emnet gjev grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelor-nivå.

Innhald: Emnet skal gje studentane eit oversyn over den europeiske filosofien si historie, frå antikken til og med det 19. hundreåret, gjennom arbeid med eit representativt utval av kanoniske tekstar. Originaltekstane vil handle om ulike filosofiske område som til dømes epistemologi, etikk, politisk filosofi, estetikk og eksistensfilosofi. I tillegg til originaltekstar skal studentane óg ta stilling til relevant sekundærlitteratur. Her inngår lesing av filosofihistoriske oversynsverk.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over hovudlinjer i den europeiske filosofien si historie
  • kjennskap til ulike filosofiske område som til dømes epistemologi, etikk, politisk filosofi, estetikk og eksistensfilosofi
  • god innsikt i filosofiske grunnomgrep, problemstillingar og argument knytt til desse områda
  • tileigne seg eit historisk blikk på filosofiske problemstillingar
  • kunnskap om korleis kjønnsperspektiv kjem til uttrykk i ulike epokar

Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å

  • lese fagfilosofiske tekstar frå ulike historiske epokar
  • bruke ulike tolkingsperspektiv på sentrale kanoniske tekstar
  • kjenne att relevante trekk frå historiske hovudlinjer i filosofien både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar
  • setje samtidige og historiske samfunnsdebattar i eit filosofihistorisk perspektiv
  • kunne diskutere/problematisere spørsmål relatert til ulike kjønnsperspektiv

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse i

  • å på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i litteratur innan dei filosofiske områda det gjeld
  • å formidle filosofiske problemstillingar og argument på eit generelt nivå
  • å applisere og vurdere relevansen av filosofiske omgrep og argument på problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
  • kjenne att grunnleggjande filosofiske problemstillingar og argument i ulike kontekster
  • å nytte eit generelt analytisk blikk på ulike tekstsjangrar med omsyn på kategoriar som argument, definisjon og problem

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk

Fagleg overlapp

FIL111 erstattar FIL101.

Undervisning og omfang

Undervisninga er basert på førelesningar, seminar og grupperettleiing. Det vert rekna med aktiv deltaking frå studentane

Førelesningar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Studentar må gje skrifteleg svar på 6 av 12 spørsmål med innlevering annankvar veke. Svara må vere godkjende for at ein skal få oppgåva sensurert.

Delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

6 timar skuleeksamen med spørsmål henta frå ulike deler av pensum.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Læremiddelomtale

Originallitteratur frå ulike filosofiske epokar og utvald sekundærlitteratur. I tillegg kjem utdrag frå fleire filosofihistoriske oversynsverk.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no