Gå til innhold
English A A A
Emne FIL112

Klassiske filosofiske tekster. Fortolking og argumentasjon

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp

FIL112 erstattar FIL102.

Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha

  • erfaring frå arbeid med fortolking av filosofiske originaltekstar
  • eit godt grunnlag for å kunne identifisere problemstilling, synspunkt og argumentasjon i originaltekstane
  • forståing for dei ulike grunngjevingsmåtane filosofane nyttar seg av i lys av deira syn på kva filosofi kan yta og kva som er filosofien si oppgåve
  • kunnskap om ulike måtar som filosofiske tekstar kan fortolkast og lesast på

Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å

  • diskutere skriftleg og munnleg ulike syn på kva filosofi er og kva som er filosofien sine grunnlagsproblem
  • gjere seg nytte av omgrep og tenkjemåtar frå emnet i lesing av annan filosofisk og akademisk litteratur
  • forstå kva føresetnader ulike filosofiske utsegner og framstillingar byggjer på og kunne vurdere dei ut frå desse føresetnadene
  • samanlikne og reflektere kritisk over ulike retningar og posisjonar innan faget
  • formidle kva som skil ein filosofisk tekst frå annan sakprosa

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse i å

  • vurdere argumentative og retoriske strategiar i akademiske tekstar og annan sakprosa
  • skrive reflektert om tema som krev eit høgt abstraksjonsnivå
  • vurdere relevans, problemstilling, grunngjevingsmåtar og bruk av omgrep når han/ho arbeider med slike tema, både når det gjeld eige tekstarbeid og tekstar som andre har skrive

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet omfattar lesing av sentrale filosofiske tekstar (originaltekstar) henta frå ulike tidsperiodar. Kommentarlitteraturen vil fokusera på tenkjemåtar,grunngjevingsmåtar og retoriske grep i originaltekstane. Studentane skal bli kjende med ulike måtar å nærme seg filosofiske tekstar på og opparbeide seg kunnskap om ulike fortolkings- og lesestrategiar. Kjønnsperspektivet vil også bli trekt inn i undervisninga og litteraturen. I undervisninga blir det lagt vekt på å visa den store breidda i filosofi som fag og disiplin, og korleis dette kjem til syne mellom anna i mangfaldet av sjangrar og retoriske strategiar i den filosofiske litteraturen. Samstundes blir det lagt vekt på å visa kva som kjenneteiknar filosofisk tenking allment. Spørsmålet "kva er filosofi?" vil såleis vera eit gjennomgangstema.

Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse for å kunne studere ulike filosofisk emne. Det vil også gje dei kompetanse som vil vere relevant for studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha

  • erfaring frå arbeid med fortolking av filosofiske originaltekstar
  • eit godt grunnlag for å kunne identifisere problemstilling, synspunkt og argumentasjon i originaltekstane
  • forståing for dei ulike grunngjevingsmåtane filosofane nyttar seg av i lys av deira syn på kva filosofi kan yta og kva som er filosofien si oppgåve
  • kunnskap om ulike måtar som filosofiske tekstar kan fortolkast og lesast på

Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å

  • diskutere skriftleg og munnleg ulike syn på kva filosofi er og kva som er filosofien sine grunnlagsproblem
  • gjere seg nytte av omgrep og tenkjemåtar frå emnet i lesing av annan filosofisk og akademisk litteratur
  • forstå kva føresetnader ulike filosofiske utsegner og framstillingar byggjer på og kunne vurdere dei ut frå desse føresetnadene
  • samanlikne og reflektere kritisk over ulike retningar og posisjonar innan faget
  • formidle kva som skil ein filosofisk tekst frå annan sakprosa

Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse i å

  • vurdere argumentative og retoriske strategiar i akademiske tekstar og annan sakprosa
  • skrive reflektert om tema som krev eit høgt abstraksjonsnivå
  • vurdere relevans, problemstilling, grunngjevingsmåtar og bruk av omgrep når han/ho arbeider med slike tema, både når det gjeld eige tekstarbeid og tekstar som andre har skrive

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk

Fagleg overlapp

FIL112 erstattar FIL102.

Undervisning og omfang

Undervisninga er basert på førelesningar og seminar, og det vert rekna med aktiv deltaking frå studentane.

Førelesningar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Studentane skal i ei kort skriftleg oppgåve (700 - 1400 ord) analysere ein oppgitt originaltekst ut frå utvalde lese- og fortolkingsstrategiar. Oppgåva skal leggjast fram munnleg på eit seminar. Både denne oppgåva og den munnlege framlegginga må vere godkjende av seminarleiar for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Delta på minst to tredelar av seminara.

Innlevering av utkast til semesteroppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing av semesteroppgåva.

Ei mindre rettleiing for godkjenning av problemstillinga i semesteroppgåva .

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få oppgåva sensurert.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F

Læremiddelomtale

Originallitteratur frå ulike filosofiske epokar. I tillegg kjem kommentarlitteratur som omhandlar ulike fortolkings- og lesestrategiar.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no