Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Eit filosofisk originalverk frå opplysningstida til 1900-talet

Studiepoeng, omfang

5

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust. Dersom det er grunnlag for det vil emnet og bli undervist om våren.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Lesing av eldre og nyare filosofiske primærkjelder i form av originaltekstar er ein sentral del av studiet av filosofi som fag. Dette er ein viktig føresetnad for forståing av problemstillingar og tilnærmingsmåtar i samtidsfilosofien, og kan og vere til nytte i studiet av andre fag der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

FIL123 skal gi studentane høve til fordjuping i eit sentralt verk frå europeisk filosofi i perioden frå opplysingstida til og med første halvdelen av det tjuande hundråret. Dei skal bli kjende med ulike måtar å lese og fortolke som filosofiske tekstar på. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha særs godt kjennskap til det utvalde verket. Dei skal ha kjennskap til historiske og kulturelle føresetnader og ha god innsikt i sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i dette verket.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studentane kunne identifisere sentrale problemstillingar, grunnomgrep, argument og teoriar i filosofiske originaltekstar. Dei skal også kunne analysere og drøfte argument, resonnement og retoriske strategiar i desse.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til studium av andre fag, der tekstforståing og argumentasjon er viktig.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk. FIL123 bør takast i samband med eller etter FIL121 (Filosofihistoria frå opplysingstida til 1900-talet)

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Studentane skal levere utkast til skriftleg svar på to oppgåver innan dei fristane faglærer set. Utkasta vil bli kommentert av faglærer

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

Emnet har mappeevaluering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Svara på begge oppgåvene skal være på 900-1200 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc).

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensum er utvalde filosofiske originaltekstar med kommentarlitteratur.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Innleveringsfrist
    23.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    02.11.2017
    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 1

    • Eksamensdel: Mappeoppgåve 2