Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Introduksjon til praktisk filosofi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Filosofi blir ofte delt inn i på den eine sida praktisk og den andre sida teoretisk filosofi. Til praktisk filosofi reknar ein gjerne slike område som etikk, estetikk, politisk og sosial filosofi, rettsfilosofi, religionsfilosofi, feministisk filosofi, handlingsteori og verditeori. Men skiljet mellom praktisk og teoretisk filosofi er ikkje alltid skarpt, det er heller ikkje uomstritt, og problemstillingar innanfor praktisk filosofi er ofte relevante for spørsmål i teoretisk filosofi. Difor er det viktig for alle som studerer filosofi å ha kjennskap til praktisk filosofi, også om dei i det vidare studiet vel å konsentrere seg om teoretisk filosofi.

FIL124 skal gje studentane eit oversyn over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i praktisk filosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien, men det vil ofte være aktuelt å ta utgangspunkt i filosofiske verk og posisjonar frå eldre tider. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor praktisk filosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i praktisk filosofi.

Dugleik:

Studentane skal kunne kjenne att og formidle innsikt i grunnleggjande problemstillingar og argument innan praktisk filosofi i ulike samanhengar.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Ingen.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Gruppevis munnleg innlegg på seminar.

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

Studentane skal ha ei heimeeksamen på fire dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Haust.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensum er innføringsverk og utvalde tekstutdrag.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 16:00
    Trekkfrist
    13.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen