Innføring i etikk

Lågaregradsemne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane kjennskap til nokre av dei viktigaste spørsmåla og problemstillingane som det blir arbeida med innanfor moderne etikk. Nokre døme på tema som blir handsama er: rettferd, velferd, kva moralen krev, kva slags verdi livet har, moralsk plikt og rett, og moralske ideal. I tillegg vil emnet ta opp anvendte problemstillingar knyttet til liv og død, miljø, og globale etiske utfordringar. Emnet er beregnet på alle studentar som ønskjer å styrke sin kompetanse i etikk.Det vil være relevant for studentar innanfor for eksempel miljøfag, samfunnsfag og økonomi, samt for studentar i profesjonsstudiene jus og medisin.

Læringsutbyte

Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over dei viktigaste retningane innanfor moderne etikk (konsekvensialisme, deontologi og dydsetikk).
  • innsikt i ulike etiske grunnlagsteoriar.
  • innsikt i korleis etikk kan vere relevant for å ta stilling til viktige moralske og politiske spørsmål.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • identifisere sterke og svake sider ved ulike etiske teoriar.
  • bli i stand til å diskutere etikk på et høyre nivå.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å lese etisk faglitteratur på eit relativt høgt fagleg nivå.
  • ha økt bevissthet om etiske utfordringar i eiget yrke eller profesjon
  • vidare studiar i etikk og praktisk filosofi, til dømes på masternivå.

I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan også vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust.

Undervisningsstad

Bergen
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Tilrådde forkunnskapar
Bestått ex.phil. og ex.fac. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Studiepoengsreduksjon
FIL128 overlappar 10 studiepoeng med FIL228
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Arbeids- og undervisningsformer
Studentene vil bruke ca. 20 timer i klassen i løpet av semesteret, og ca. 10 timer per uke utenom klassen med emnerelaterte oppgaver. Klassetiden vil innebære forelesninger eller presentasjoner av faglærer, diskusjoner og gruppearbeid.
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Studentene må fullføre minst 7 oppgaver (rundt 500 ord hver). Frister settes av instituttet.
Vurderingsformer

Studentane skal ha ei heimeeksamen på fire dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Karakterskala
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.
Vurderingssemester

Haust/Vår

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste
Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.
Hjelpemiddel til eksamen
Ikkje aktuelt.
Programansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Emneansvarleg
Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.
Administrativt ansvarleg
Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.