Valemne 2 i filosofi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust og vår |
| Fagleg overlapp | Emna FIL211, FIL212, FIL213 og FIL214 erstattar FIL201, FIL202, FIL203, og FIL204. Studentar kan kombinere alle desse emna, så lenge det ikkje er pensumoverlapp mellom dei. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Kunnskapar: Studentane skal:
- ha tilegna seg innsikt i eit avgrensa filosofisk tema eller i utvalde filosofars tenking
- ha oversikt over ulike problemstillingar og argumentasjonar innan emnet eller i forfattarskapet til dei utvalde filosofane
Ferdigheiter: Studentane skal kunne:
- løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ei avgrensa periode
- raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur i høve til å kunne behandle gjevne oppgåver
Kompetanse: Studentane skal:
- ha grunnlag for å arbeida sjølvstendig med eit avgrensa filsofisk problem
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Haust og vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane høve til å fordjupe seg i særskilde filosofiske problemområde (til dømes etikk, politisk filosofi, erkjenningsteori eller metafysikk), tilnærmingsmåtar (til dømes fenomenologiske, eksistensfilosofiske eller språkanalytiske tilnærmingar), eller i einskilde filosofiske verk eller forfattarskap.
Kvart semester tilbyr Institutt for filosofi og førstesemesterstudier undervisning på 200- og 300-nivå i såkalla "ope emne". Undervisninga er knytt til aktuell forskning ved instituttet. Innhold og pensum i FIL212 skal være knytt til eit av desse undervisningstilboda.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar: Studentane skal:
- ha tilegna seg innsikt i eit avgrensa filosofisk tema eller i utvalde filosofars tenking
- ha oversikt over ulike problemstillingar og argumentasjonar innan emnet eller i forfattarskapet til dei utvalde filosofane
Ferdigheiter: Studentane skal kunne:
- løyse ei gjeven problemstilling på ein sjølvstendig måte innan ei avgrensa periode
- raskt trekkje ut relevant stoff frå ei større mengd litteratur i høve til å kunne behandle gjevne oppgåver
Kompetanse: Studentane skal:
- ha grunnlag for å arbeida sjølvstendig med eit avgrensa filsofisk problem
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i minst to av emna FIL111, FIL112 og FIL103. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Fagleg overlapp
Emna FIL211, FIL212, FIL213 og FIL214 erstattar FIL201, FIL202, FIL203, og FIL204. Studentar kan kombinere alle desse emna, så lenge det ikkje er pensumoverlapp mellom dei.
Undervisning og omfang
Undervisninga har form av førelesingar eller seminar. I seminara blir det rekna med aktiv deltaking frå studentane.
Førelesingar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 veker.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Innlevering av 2 oppgåver à 900 - 1200 ord. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må vere godkjende for at ein skal få eksamenen sensurert.
Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og være utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal godkjennast av instituttet.
Vurderingsformer
6-timars skuleeksamen.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få gå opp til skuleeksamen.
Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Ein kan ikkje nytte det same seminaret til å ta eksamen i meir enn eitt av emna FIL211, FIL212, FIL213 eller FIL214.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F
Læremiddelomtale
Pensum skal vere knytt til undervisninga i emnet. Til dei einskilde undervisningstilboda vil det enten være eit fast pensum, eller eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar skal supplere med litteratur tilpassa eigne behov og interesser.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no