Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Moderne politisk teori

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFIL216
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk teori er eit tverrfagleg forskingsfelt der spørsmål knytta til rettferdig fordeling, demokratiteori, anerkjenning av minoriteter, samt forskjellige forståelser av makt står sentralt. Politisk teori analyserer og reflekterer over aktuelle politiske spørsmål og sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosesser. Kurset tar opp tema innanføre hovedretningar og sentrale problemstillingar i politisk teori fra om lag 1970 til i dag, med vekt på både empirisk-deskriptive og normative teoridanningar (liberalisme, kommunitarisme, proseduralisme), og postmoderne perspektiv på stat, individ og samfunn.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • eit generelt oversyn over sentrale omgrep, teoridanningar og stridsspørsmål i politisk teori.
  • ei generell forståing av likskapar og skilnader mellom ulike teoretiske innfallsvinklar, argumentasjons- og framstillingsmåtar.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere teoretiske hovudposisjonar, argumentasjons- og framstillingsmåtar i fagfilosofisk litteratur og i allmenne politiske diskusjonar.
  • formidle trekk ved desse hovudposisjonane og argumentasjonsmåtane i faglege så vel som i allmenne samanhengar.
  • reflektere over relevansen av ulike retningar i moderne politisk teori for forståinga av aktuelle sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • på sjølvstendig grunnlag å finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur i samtidig politisk teori.
  • å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den gjev på aktuelle spørsmål til eit fagleg og til eit allment publikum.
  • å vurdere relevansen av sentrale omgrep og teoridanningar i analyse av og refleksjon over sentrale politiske stridsspørsmål.
  • å identifisere og kritisk vurdere argumentasjons- og framstillingsmåter både i faglege og allmenne tekstar om sosiale, kulturelle og institusjonelle endringsprosessar.

Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL216 overlappar med FIL116 (Innføring i moderne politisk teori) og FIL316 (Forskingsemne i moderne politisk teori). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL225 (Moderne politisk teori), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det òg være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av eitt oppgåvesvar på 900-1200 ord. Oppgåva blir gitt av faglærar. Innleveringsfrist blir sett av instituttet. Svaret må vere godkjent for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    29.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    08.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen