Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Estetikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeFIL218
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk eller engelsk
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår eller haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje ei innføring i filosofiske problemstillingar og posisjonar som er sentrale for filosofisk estetikk og for den teoretiske refleksjonen over dei estetiske faga. Kurset har i hovudsak ei tematisk tilnærming, men klassikarane har også ei sentral stilling. Eksempel på viktige tema er definisjonen av kunst, estetisk erfaring, kunst og erkjenning, og smak.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til dei viktigaste grunnomgrepa og teoriane i estetikken.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • syne god innsikt i filosofisk estetikk.
  • gjere greie for viktige posisjonar i filosofisk estetikk.
  • identifisere og kritisk analysere ulike teoriar innan dei områda kurset tek for seg.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag, særleg estetiske fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL318 (Forskingsemne i estetikk). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Emnet har mappevurdering. Studentane skal levere skriftleg svar på to oppgåver. Fristar blir sette av instituttet. Den første oppgåva skal være på 1500-2000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Den andre oppgåva er den rettleia oppgåva. Tema er sjølvvald, men må vere godkjend av faglærar på førehand. Svaret på oppgåva skal vere 2500-3000 ord. (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). I vektinga av endeleg karakter tel den første oppgåva 30% og den rettleia oppgåva 70%

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Mappevurdering

    Trekkfrist
    06.09.2017
    • Eksamensdel: Mappedel 1

      Innleveringsfrist
      20.09.2017, 13:00
      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen
    • Eksamensdel: Mappedel 2

      Eksamenssystem
      Inspera
      Digital eksamen