Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Vitskapsfilosofi

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår eller haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Vitskapsfilosofiemnet er opptatt av grunnleggande spørsmål om vitskap, og implikasjonane av vitskap for samfunnet. Nokre av desse sentrale spørsmåla er: Kva vert rekna som vitskap? Finst det ein vitskapleg metode, og kva er den? Er vitskaplege teoriar pålitelege kunnskapskjelder? Kva er den generelle hensikten med vitskap (om nokon)? Sjølv om det er liten einighet om svar på mange sentrale spørsmål i vitskapsteori (inkludert spørsmålet om induksjon, eller om vitskapen si evne til å fortelle oss sanne ting om den ¿uobserverbare¿ verda), vil dette kurset i vitskapsteori forsøke å gi ein generell oversikt over desse svara, og vurdere deira truverd. Det finst sterke og naturlege forbindelsar mellom vitskapsteori og andre greiner av filosofi, slik som metafysikk og epistemologi.

FIL219 skal gi studentane ein oversikt over viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i vitskapsfilosofi. Hovudvekta ligg på tema i samtidsfilosofien. Etter fullført emne skal studentane vere i stand til å formidle sentrale teoriar og problemstillingar innanfor vitkapsfilosofi og sjå relevansen av desse i andre samanhengar. Emnet skal gi grunnlag for vidare studiar i filosofi på bachelornivå.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studentane ha god kjennskap til viktige grunnomgrep, argument og posisjonar i vitskapsfilosofi.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • diskutere skriftleg og munnleg sentrale problemstillingar, omgrep og argumentasjon i vitskapsfilosofi (til dømes falsifikasjonisme, realisme versus ulike versjonar av antirealisme som instrumentalisme eller konstruktiv empirisme, bayesiansime og så vidare.
  • ta stilling til relevante argument i vitskapsfilosofi (til dømes 'no miracles' argument.)
  • arbeide sjølvstendig med filosofiske spørsmål og problemstillingar om vitskapen sin verdi i samfunnet.

Kompetanse:

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan òg vere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

Emnet overlapper med FIL319 (Forskingsemne i vitskapsfilosofi ). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL303 (Forskingsemne i filosofi 3) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med studierettleiar@fof.uib.no for nærare informasjon.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som studenten i samråd med faglærar kan supplere med eit særpensum.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    07.12.2017, 13:00
    Trekkfrist
    16.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen