Gå til innhold
English A A A
Emne FIL222B

Miljøfilosofi - 15 stp

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Vår
Fagleg overlapp Pensum for FIL222A er del av pensum for FIL222B. Studentar som allereie har FIL222A vil vil få ein studiepoengreduksjon på 10 studiepoeng dersom dei også tar FIL222B.
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Undervisningsspråk

Norsk

Læringsutbyte

Kunnskapar: studentane skal kunne:

  • vite om filosofiske idéar frå antikken til moderne tid som har forma kulturen sitt syn på naturen, mennesket og teknologien
  • meistre vitskapsteoretiske omgrep om risiko, uvisse, kunnskapsmangel og ubestembarheit
  • vurdere om det må stillast nye krav til vurdering av vitskap, når stor systemkompleksitet er kopla med at særs viktige verdiar står på spel
  • skilje mellom ein etikk som vil ta vare på naturen for menneska si skuld, og ein etikk som vil ta vare på naturen for naturen si eiga skuld
  • forstå samanhengar mellom vitskap, etikk og føre-var-prinsippet
  • analysere natursyn som gjeld for den rådande miljøpolitikken
  • forstå samspelet mellom vitskap og politikk

Ferdigheiter: Studentane skal kunne:

  • formidle kunnskap om, og se samanhengen mellom, idéhistorie, vitskapsteori, etikk og politisk teori som dreier seg om natursyn og miljøproblem
  • vere i stand til å analysere dokument om miljøproblema
  • identifisere underliggande ideologiske syn på naturen, menneska og teknologien i dokument og debattar om miljøproblema
  • avdekke underliggande ideologiar som ved sitt tause, implisitte nærvær kan leggje føringar på debatten/dokumenta og ende i politiske avgjerdsler
  • analysere risiko/konsekvensutgreiingar ut frå omgrepa om risiko, uvisse og kunnskapsmangel. (Slike utgreiingar er avgjerande premissleverandørar for samfunnsdebatten om miljøutfordringane, og er ofte tunga på vektskåla i dei politiske avgjerslene.)
  • analysere vitskap og vitskapspolitikk når stor systemkompleksitet er kopla med at særleg viktige verdiar står på spel
  • forstå føresetnadene for føre-var-prinsippet
  • analysere dokument og debattar i miljøetikk ut frå omgrepa konsekvensetikk, pliktetikk, dygdsetikk, ansvarsetikk, antroposentrisk og ikke-antroposentrisk etikk
  • sjølv ta del i samfunnsdebatten om miljøproblema

Kompetanse: Studentane skal kunne:

  • gjere greie på sjølvstendig vis for samanhengar mellom idéhistorie, vitskapsteori, etikk og politisk filosofi som verkar inn på synet vårt på naturen og miljøproblema
  • analysere debattar og dokument ut frå idéhistoriske, vitskapsteoretiske og etiske perspektiv
  • ta del i samfunnsdebatten om miljøproblema på ein både kritisk og konstruktiv måte ved å setje problema inn i ein større filosofisk samanheng
  • forfatte dokument og rapportar om miljøproblem ut frå eit filosofisk ståstad

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsspråk

Norsk

Studienivå

Bachelor

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane eit oversyn over idéhistoriske, vitskapsteoretiske, etiske og politiske teoriar som er relevante for dagens miljødebatt. Den idéhistoriske delen vil ta opp emne som subjektsfilosofien, herredømmetenkinga over naturen og utviklinga av synet på teknologien. Den vitskapsteoretiske delen vil kaste lys over omgrepa uvisse, risiko, kunnskapsløyse og føre-var-prinsippet og drøfte tema som postnormal vitskap og vitskapen sin legitimitet. Sentrale omgrep innanfor etikkdelen vil vere konsekvens- og plikt-etikk, biosentrisme, økosentrisme og dypøkologi. Siste del av kurset vil samle trådane og syne samanhengen mellom tema som er tekne opp og aktuelle emne innanfor miljøpolitisk tenking som berekraftig utvikling og institusjonell styring. Kjønnsperspektivet vil vere representert i litteraturen og i undervisninga. Studentane skal arbeide med originaltekstar frå desse hovuddisiplinane, samt relevant sekundærlitteratur.

Emnet skal gje studentane kunnskapar om både idéhistorie, vitskapsteori, etikk og politisk filosofi, samt ein evne til å sjå samanhengen mellom desse ulike disiplinane. Kurset vil særleg leggje vekt på at studentane skal bli i stand til å bruke desse kunnskapane på konkrete døme, noko som inneber ei evne til å analysere miljødebattar og miljøpolitiske dokument i lys av omgrep henta frå dei sentrale teoretiske tekstane til emnet. Undervisinga og den rettleia oppgåva vil gje studentane slike ferdigheiter i å bruke miljøfilosofi i praksis.

Læringsutbyte/resultat

Kunnskapar: studentane skal kunne:

  • vite om filosofiske idéar frå antikken til moderne tid som har forma kulturen sitt syn på naturen, mennesket og teknologien
  • meistre vitskapsteoretiske omgrep om risiko, uvisse, kunnskapsmangel og ubestembarheit
  • vurdere om det må stillast nye krav til vurdering av vitskap, når stor systemkompleksitet er kopla med at særs viktige verdiar står på spel
  • skilje mellom ein etikk som vil ta vare på naturen for menneska si skuld, og ein etikk som vil ta vare på naturen for naturen si eiga skuld
  • forstå samanhengar mellom vitskap, etikk og føre-var-prinsippet
  • analysere natursyn som gjeld for den rådande miljøpolitikken
  • forstå samspelet mellom vitskap og politikk

Ferdigheiter: Studentane skal kunne:

  • formidle kunnskap om, og se samanhengen mellom, idéhistorie, vitskapsteori, etikk og politisk teori som dreier seg om natursyn og miljøproblem
  • vere i stand til å analysere dokument om miljøproblema
  • identifisere underliggande ideologiske syn på naturen, menneska og teknologien i dokument og debattar om miljøproblema
  • avdekke underliggande ideologiar som ved sitt tause, implisitte nærvær kan leggje føringar på debatten/dokumenta og ende i politiske avgjerdsler
  • analysere risiko/konsekvensutgreiingar ut frå omgrepa om risiko, uvisse og kunnskapsmangel. (Slike utgreiingar er avgjerande premissleverandørar for samfunnsdebatten om miljøutfordringane, og er ofte tunga på vektskåla i dei politiske avgjerslene.)
  • analysere vitskap og vitskapspolitikk når stor systemkompleksitet er kopla med at særleg viktige verdiar står på spel
  • forstå føresetnadene for føre-var-prinsippet
  • analysere dokument og debattar i miljøetikk ut frå omgrepa konsekvensetikk, pliktetikk, dygdsetikk, ansvarsetikk, antroposentrisk og ikke-antroposentrisk etikk
  • sjølv ta del i samfunnsdebatten om miljøproblema

Kompetanse: Studentane skal kunne:

  • gjere greie på sjølvstendig vis for samanhengar mellom idéhistorie, vitskapsteori, etikk og politisk filosofi som verkar inn på synet vårt på naturen og miljøproblema
  • analysere debattar og dokument ut frå idéhistoriske, vitskapsteoretiske og etiske perspektiv
  • ta del i samfunnsdebatten om miljøproblema på ein både kritisk og konstruktiv måte ved å setje problema inn i ein større filosofisk samanheng
  • forfatte dokument og rapportar om miljøproblem ut frå eit filosofisk ståstad

Tilrådde forkunnskapar

Godkjent førstesemesterstudium og minst eitt års studium fra høgskule eller universitet. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Fagleg overlapp

Pensum for FIL222A er del av pensum for FIL222B. Studentar som allereie har FIL222A vil vil få ein studiepoengreduksjon på 10 studiepoeng dersom dei også tar FIL222B.

Undervisning og omfang

Undervisninga er basert på førelesningar, kollokvia, øvingar i å analysere miljøpolitiske dokument, og ei individuell rettleiing i samband med den obligatoriske oppgåva. Det vert rekna med aktiv deltaking frå studentane.

Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Kollokvia: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Individuell rettleiing: 1 time per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.

Obligatoriske arbeidskrav

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Delta på minst to tredelar av seminara.

Munnleg framlegg av utkast til oppgåve.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Innlevering av pensumliste innan 15. april om våren og innan 15. oktober om hausten. Pensumlista skal innehalde emnekode, eksamenssemester og namn på student og faglærar/rettleiar, og være utforma i samsvar med vanlege standarder for bibliografiske referansar. Sidetal for kvar einskild bok/utdrag av bok eller artikkel samt samla tal på sider skal opplysast (for elektroniske kjelder utan sidetal rekner ein 500 ord pr. side). Pensumlista skal godkjennast av instituttet.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva blir sensurert ved slutten av semesteret.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan få semesteroppgåva sensurert.

Obligatoriske aktivitetar må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Karakterskala

Karakterskala frå A-F

Læremiddelomtale

Det er utarbeidd ei liste over litteraturtilfang for emnet. I samråd med faglærar set studenten opp sitt eige pensum med tekstar frå denne lista.

Undervisningssted

Bergen

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Kontaktinformasjon

studierettleiar@fof.uib.no