Innføring i sinnsfilosofi - 15
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Vår |
| Fagleg overlapp | Pensum for FIL 105 er del av pensum for FIL 226. Studentar som allereie har FIL105 vil få ein studiepoengreduksjon på 10 studiepoeng dersom dei også tar FIL226. |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Undervisningsspråk
Norsk
Læringsutbyte
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen
- innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forhold seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet
- innsikt i ein problemstilling særleg som knyter sinnsfilosofi til moderne kognitiv vitskap, nemleg spørsmålet om det finst kunstig intelligens
- innsikt i viktige klassiske filosofar si oppfatning av tilhøvet mellom kropp og sjel, særleg Platon, Aristoteles, Descartes og Kant sitt syn
- innsikt i argumentasjonslære som set ein i stand til å vurdere slagkraften i klassiske argument i sinnsfilosofien ut frå deira sunnheit og gyldigheit
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å
- kunne skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i moderne sinnsfilosofi i det 20. hundreåret
- formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- kunne relatere dei til generelle filosofiske problemstillingar, slik som tilhøvet mellom vår kunnskap om vårt eige medvit og kunnskap om andres medvit, og kriteria for personleg identitet
- kunne forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten
- ha grunnlag for vidare studiar i kognitiv vitskap
- kunne følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad
- sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsspråk
Norsk
Studienivå
Bachelor
Krav til studierett
Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.
Mål og innhald
Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi, samt bakgrunnskunnskapar om klassiske filosofar si oppfatning av problemfeltet. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen, samt å syne at vi enno slit med nokre av grunnproblema frå Descartes, trass i framsteg i mange delspørsmål. Så langt er mål og innhald for FIL 226 identisk med det som gjeld for FIL 105. I tillegg har FIL226 ein spesialiseringsdel, der hovudtemaet er opplevingsmedvitet som ein særleg utfordring til materialistiske oppfatningar av medvitet.
Læringsutbyte/resultat
Kunnskapar: Etter fullført emne skal studenten ha
- oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen
- innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit forhold seg til ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet
- innsikt i ein problemstilling særleg som knyter sinnsfilosofi til moderne kognitiv vitskap, nemleg spørsmålet om det finst kunstig intelligens
- innsikt i viktige klassiske filosofar si oppfatning av tilhøvet mellom kropp og sjel, særleg Platon, Aristoteles, Descartes og Kant sitt syn
- innsikt i argumentasjonslære som set ein i stand til å vurdere slagkraften i klassiske argument i sinnsfilosofien ut frå deira sunnheit og gyldigheit
Ferdigheiter: Etter fullført emne skal studenten vere i stand til å
- kunne skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i moderne sinnsfilosofi i det 20. hundreåret
- formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
- kunne relatere dei til generelle filosofiske problemstillingar, slik som tilhøvet mellom vår kunnskap om vårt eige medvit og kunnskap om andres medvit, og kriteria for personleg identitet
- kunne forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking
Kompetanse: Etter fullført emne skal studenten
- ha grunnlag for vidare studiar i kognitiv vitskap
- kunne følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad
- sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet
Tilrådde forkunnskapar
Godkjent førstesemesterstudium og minst eitt års studium fra høgskule eller universitet. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Fagleg overlapp
Pensum for FIL 105 er del av pensum for FIL 226. Studentar som allereie har FIL105 vil få ein studiepoengreduksjon på 10 studiepoeng dersom dei også tar FIL226.
Undervisning og omfang
Undervisinga er basert på førelesingar og kollokvia, og det blir rekna med aktiv deltaking frå studentane.
Førelesingar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.
Kollokvia: 2 timar per veke i 10 veker, totalt 20 timar.
Om det melder seg færre enn fire studentar blir talet på samlingar redusert. Den einskilde student vil samstundes bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing som kompensasjon for samlingane.
Obligatoriske arbeidskrav
Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.
Studentane må levere inn svar på 7 oppgitte spørsmål, frå ei litt større spørsmålssamling.
Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.
Individuell rettleiing ved faglærar.
Vurderingsformer
Ei rettleia oppgåve på mellom 4000 og 6000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva blir sensurert ved slutten av semesteret.
Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.
Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.
Karakterskala
Karakterskala frå A til F
Læremiddelomtale
Pensum er basert på ei fyldig introduksjonsbok i sinnsfilosofi på engelsk, samt eit kompendium med artiklar på engelsk henta frå nyare sinnsfilosofi.
Undervisningssted
Bergen
Emneevaluering
Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.
Kontaktinformasjon
studierettleiar@fof.uib.no