Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Moralfilosofi

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår eller haust.

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gi studentane kjennskap til nokre sentrale tema innanfor moderne moralfilosofi. Emnet vil ha fokus på eit utval av etiske omgrep og grunnproblem som blir diskutert i samtidslitteraturen. Nokre døme på tema som blir handsama er: rettferd, velferd, kva moralen krev, moralsk plikt og rett, og moralske ideal.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over noen sentrale temaer innenfor moderne moralfilosofi
  • innsikt i ulike filosofiske teoriar om grunnlaget for etiske vurderingar
  • innsikt i korleis ulike moralfilosofiske standpunkt kan vere relevante for kva konklusjonar ein trekk i konkrete moralske/politiske spørsmål.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • identifisere sterke og svake sider ved ulike moralfilosofiske teoriar og posisjonar
  • identifisere og ta stilling til relevante etiske omsyn og argument i etiske diskusjonar
  • arbeide sjølvstendig med moralfilosofiske spørsmål og problemstillingar

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å lese moralfilosofiske artiklar og bøker på eit relativt høgt fagleg nivå
  • vidare studiar i etikk og praktisk filosofi, t.d. på masternivå

Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skule. Emnet kan ogsåvere eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og seminar. Seminara har oppmøtekrav.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad, jamfør ordinære reglar.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Studentane skal delta på minst to tredelar av seminara.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Oppgåva skal leverast digitalt og blir sensurert ved slutten av semesteret.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Karakterskala

Karakterskala frå A til F.

Fagleg overlapp

Emnet overlapper med FIL128 (Innføring i etikk), FIL227 (Innføring i etikk) og FIL328 (Masteremne i moralfilosofi). For studentar som har tatt eitt av emna FIL211 (Valemne 1 i filosofi), FIL212 (Valemne 2 i filosofi), FIL213 (Valemne 3 i filosofi), FIL214 (Valemne 4 i filosofi), FIL301 (Forskingsemne i filosofi 1), FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) eller FIL302 (Forskingsemne i filosofi 2) med nærliggande tema kan det og være overlapp. Ta i så fall kontakt med instituttet for nærare informasjon.

Litteraturliste

Til emnet er det eit kjernepensum som vil bli annonsert ved semesterstart.

Emneevaluering

Emnet blir evaluert med jamne mellomrom.

Institutt

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

Kontakt

Kontaktinformasjon

Institutt for filosofi og førstesemesterstudier

E-post: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 13:00
    Trekkfrist
    09.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen