Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Sinnsfilosofi

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterVår
  • EmnekodeFIL235
  • Talet på semester1
  • Språk

    Norsk eller engelsk

  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Emnet skal gje studentane ei innføring i moderne sinnsfilosofi, samt bakgrunnskunnskapar om klassiske filosofar si oppfatning av problemfeltet. Sinnsfilosofien er oppteken av tilhøvet mellom dei mentale eller psykologiske aspekta ved ein person og personen sine kroppslege eigenskapar. Temaet har ei historie som går tilbake til klassisk gresk filosofi, men i ein moderne kontekst representerer særleg Descartes sin dualisme den klassiske utfordringa som ulike sinnsfilosofiske retningar har prøvd å overvinna. Emnet har til føremål å presentere dei viktigaste moderne alternativa til denne dualismen, samt å syne at vi enno arbeider med nokre av grunnproblema frå Descartes, trass i framsteg i mange delspørsmål. Emnet vil også ta opp ein spesialiseringsdel, der hovudtemaet er opplevingsmedvitet som ein særleg utfordring til materialistiske oppfatningar av medvitet.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over dei viktigaste hovudretningane innanfor sinnsfilosofien i det 20. hundreåret, slik som behaviorismen, den psykofysiske identitetsteorien, funksjonalismen, eigenskapsdualismen og den eliminative materialismen.
  • innsikt i problemstillingar som er felles utfordringar for desse retningane, slik som spørsmålet om kva intensjonalitet er, spørsmålet om korleis opplevingsmedvit heng saman med ein person sine materielle eigenskapar og prosessar, samt korleis vi kan forstå mental kausalitet.
  • innsikt i ein problemstilling som særleg knyter sinnsfilosofi til moderne kognitiv vitskap, nemleg spørsmålet om det finst kunstig intelligens.
  • innsikt i viktige klassiske filosofar si oppfatning av tilhøvet mellom kropp og sjel, særleg Platon, Aristoteles, Descartes og Kant sitt syn.
  • innsikt i argumentasjonslære som set ein i stand til å vurdere slagkraften i klassiske argument i sinnsfilosofien ut frå deira sunnheit og gyldigheit.

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • skilje mellom sterke og svake sider ved dei ulike hovudposisjonane i moderne sinnsfilosofi i det 20. hundreåret.
  • formidle kunnskap om desse posisjonane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar.
  • relatere dei til generelle filosofiske problemstillingar, slik som tilhøvet mellom vår kunnskap om vårt eige medvit og kunnskap om andres medvit, og kriteria for personleg identitet.
  • forstå at løysingar på problem i sinnsfilosofien krev noko meir enn empiriske kunnskapar, samstundes som ein skjøner at nyvinningar i psykologi og nevrofysiologi kan skipe grunnlag for ein vekselbruk mellom filosofisk omgrepsanalyse og empirisk forsking.

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • vidare studiar i kognitiv vitskap.
  • å følgje med i den samtidsfilosofiske debatten om problema i sinnsfilosofi på eit nivå av moderat vanskegrad.
  • å sjølv kunne vidareformidle innsikt i problema for personar uten særlege bakgrunnskunnskapar i emnet.

Emnet kan inngå i ein bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i filosofi i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og være eigna som støtte til fordjuping i grunnlagsspørsmål i samband med studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac og minst eitt års studium fra høgskule eller universitet. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Studiepoengsreduksjon

FIL235 overlappar med FIL105 (Innføring i sinnsfilosofi), FIL335 (Forskingsemne i sinnsfilosofi ) og FIL226 (Innføring i sinnsfilosofi - 15 studiepoeng).

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og kollokviesamlingar.

Individuell rettleiing: inntil 1 timar per student.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei godkjenning av obligatoriske arbeidskrav er gyldig i tre semester frå og med det semesteret godkjenninga finner stad.

Studentane må levere inn svar på 7 oppgitte spørsmål, frå ei litt større spørsmålssamling. Innleveringsfristar blir sette av instituttet. Svara må vere godkjende for at ein skal kunne gå opp til eksamen.

Innlevering av utkast til rettleia oppgåve før individuell rettleiing.

Individuell rettleiing ved faglærar.

Vurderingsformer

Ei rettleia oppgåve på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Emnet for oppgåva skal vere godkjend av faglærar på førehand. Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Obligatoriske arbeidskrav må vere godkjende i eit semester med undervisning for at ein skal kunne melde seg til eksamen i eit semester utan undervisning.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Vår.

Eksamen blir arrangert kvart semester.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før ein kan gå opp til eksamen i emnet.

Litteraturliste

Pensum er basert på ei fyldig introduksjonsbok i sinnsfilosofi på engelsk, samt eit kompendium med artiklar på engelsk henta frå nyare sinnsfilosofi.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Rettleidd oppgåve

    Innleveringsfrist
    25.09.2017, 13:00
    Trekkfrist
    04.09.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen