Hjem

Utdanning

Laveregradsemne

Politisk idéhistorie

Studiepoeng, omfang

10

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Undervisningssemester

Haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Politisk idéhistorie handlar om politiske idéar, teoriar og tradisjonar i den vestlege idéhistoria frå antikken til vår tid med fokus på dei historiske og sosiale kontekstene dei blei utvikla i.

Emnet består av to hovuddelar:

Den første delen av kurset tar opp tema innanføre europeisk politisk idéhistorie frå antikken og fram til i dag. Her blir hovudposisjonar i politisk idéhistorie diskutert, slik som naturrettstenking, demokrati, kontraktteori og realisme.

I andre delen av kurset skal studentane fordjupe seg i utvalde politiske stridsspørsmål og debattar presentert gjennom originallitteratur.

Emnet skal gje studentane grunnleggjande kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse som set dei i stand til å bruke og formidle sentrale innsikter frå den politiske idéhistoria. Dette skal óg setje dei i stand til å følgje med i politiske debatter i samtida, både innanfor og utanfor faget.

Læringsutbyte

Kunnskap:

Etter fullført emne skal studenten ha

  • oversyn over nokre sentrale tema innan politisk idéhistorie
  • oversyn over dei viktigaste debattane og ideologiane i den politiske idéhistoria.
  • innsikt nok til å identifisere dei viktigaste argumenta for og mot demokrati som styreform
  • god kjennskap til utvalde originaltekstar

Dugleik:

Etter fullført emne skal studenten kunne

  • kjenne att og kritisk vurdere dei filosofiske hovudposisjonane og ideologiane som blir tatt opp både i fagfilosofisk litteratur og i meir allmenne samanhengar der det er relevant
  • formidle trekk av desse filosofiske hovudretningane og ideologiane i faglege så vel som meir allmenne samanhengar
  • vurdere relevansen av problemstillingar, omgrep og argument frå desse hovudretningane for problemstillingar innan faglege så vel som meir allmenne samanhengar
  • reflektere over fordelar og ulemper ved demokrati som styreform i faglege samanhengar, men óg i tilhøve til meir konkrete problemstillingar knytt til dømes til demokrati på arbeidsplassen

Kompetanse:

Etter fullført emne skal studenten ha kompetanse til

  • å på sjølvstendig grunnlag finne fram til og setje seg inn i sentral litteratur innanfor den politiske idéhistoria, samt å formidle kunnskap om denne litteraturen og dei perspektiva den tar opp til eit fagleg så vel som til eit allment publikum
  • å vurdere relevansen av og bruke omgrep, argument og metodar frå dei hovudretningane og dei ideologiane som blir tatt opp i emnet, både i faglege og meir allmenne samanhengar
  • å kjenne att og kritisk vurdere argumentasjonsmåtar i faglege og meir allmenne tekstar basert på dei innsiktene emnet formidlar

Emnet gir grunnlag for vidare studiar med sikte på bachelorgrad med spesialisering i filosofi. I kombinasjon med andre emne og fag kan det inngå i ei utdanning som kvalifiserer for undervisning i ungdomsskule eller videregåande skole. Emnet kan og være eigna som støtte i studiet av andre fag.

Krav til forkunnskapar

Ingen.

Tilrådde forkunnskapar

Bestått ex.phil. og ex.fac. Valemna føreset gode bakgrunnskunnskapar i filosofi og studentane bør derfor normalt ha avlagd eksamen i alle obligatoriske emne på 100-nivå. Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Krav til studierett

Emnet er ope for studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Personar utan studierett ved UiB kan søkje til Det humanistiske fakultet om å få gå opp til eksamen i emnet. For meir informasjon: http://www.uib.no/hf/utdanning/opptak/saerskilt-eksamen-ved-det-humanistiske-fakultet

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Undervisninga har form av førelesingar og/eller seminar.

Om det melder seg færre enn fire studentar kan talet på samlingar bli redusert. Den einskilde student vil i staden bli tilbode individuell rettleiing eller grupperettleiing.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ingen obligatoriske arbeidskrav.

Vurderingsformer

Studentane skal ha ei heimeeksamen på fire dagar. Eksamenssvaret skal vere på mellom 3000 og 5000 ord (ikkje medrekna innhaldsliste, litteraturliste etc). Eksamenssvaret skal leverast digitalt.

Eksamen blir arrangert på slutten av det semesteret det blir gitt undervisning i emnet. I semesteret etter blir det arrangert midtsemestereksamen.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt.

Karakterskala

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Vurderingssemester

Det er vurdering i begge semester.

Litteraturliste

Pensum er sett saman av idéhistoriske tekstar som gjev ei innføring i politiske idéar, teoriar og debattar i tillegg til originaltekstar.

Litteraturlista vert tilgjengeleg på uib.no 1. juni for haustsemesteret og 1. januar for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emneevalueringar vert gjennomførte i tråd med UiB sitt kvalitetssikringssystem.

Programansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Emneansvarleg

Undervisningsutvalget for fagstudiet i filosofi.

Administrativt ansvarleg

Institutt for filosofi og førstesemesterstudium.

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar: studierettleiar@fof.uib.no

Eksamensadministrasjon: eksamen@fof.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Innleveringsfrist
    30.11.2017, 16:00
    Trekkfrist
    13.11.2017
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen