Gå til innhold
English A A A
Emne FIL301

Forskingsemne i filosofi

Undervisningsperiode :

Studiepoeng 15
Undervisningssemester Haust/Vår
Timeplan Se timeplan
Pensumliste Se pensumliste

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Læringsutbyte

-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike filosofiske tekstar og problemstillingar.

-Kunne identifisere dei spesifikke filosofiske problema i ulike tekstar.

-Kunne gi ei munnleg framstilling av ei filosofisk problemstilling.

-Kunne utarbeide eit avgrensa skriftleg arbeid, med ei klår problemstilling og klår argumentasjon innan særemnet.

-I høve til studentar på bachelornivå, skal studentar på masternivå vise ei større grad av sjølvstende i omgangen med filosofiske problemstillingar meir generelt.

Undervisningssemester

Haust/Vår

Mål og innhald

FIL301 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet.

Emnet skal gje studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale filosofiske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva.

I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling.

Læringsutbyte/resultat

-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike filosofiske tekstar og problemstillingar.

-Kunne identifisere dei spesifikke filosofiske problema i ulike tekstar.

-Kunne gi ei munnleg framstilling av ei filosofisk problemstilling.

-Kunne utarbeide eit avgrensa skriftleg arbeid, med ei klår problemstilling og klår argumentasjon innan særemnet.

-I høve til studentar på bachelornivå, skal studentar på masternivå vise ei større grad av sjølvstende i omgangen med filosofiske problemstillingar meir generelt.

Krav til forkunnskapar

Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.

Undervisning og omfang

Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt.

Førelesingar/seminar: 2 timar per veke i 13 veker, totalt 26 timar.

Obligatoriske arbeidskrav

Følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar inngår i FIL301:

-Innlevering av utkast til oppgåve før rettleiinga.

-Individuell rettleiing i samband med skriving av oppgåva.

-Innlevering av pensumliste 15. oktober i haustsemester og 15. april i vårsemester.

Når det gjeld utsetting av obligatoriske aktivitetar og kor lenge dei er gyldige viser vi til dei utfyllande reglane for gradsstudium ved Det humanistiske fakultet, Universitetet i Bergen.

Vurderingsformer

Rettleia oppgåve. Problemstillinga for denne vil verte bestemt av to (eller fleire) oppgåver som seminarleiar utformar, og som er i fokus på forskingsseminaret. Studentane kan òg formulere ei problemstilling på eige hand; problemstillinga må i så fall verte godkjend av seminarleiar. Oppgåva skal vere på 4000 - 6000 ord. Det er obligatorisk rettleiing i samband med skrivinga av oppgåva.

Eksamen vert arrangert kvart semester.

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.

Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i FIL302 eller FIL303.

Læremiddelomtale

Den pensumlitteraturen som er utarbeidd for eit seminar i eit forskingsemne gjeld som pensum for emnet.

Emneevaluering

Emnet vert evaluert ved jamne mellomrom.