Forskingsemne i filosofi
Undervisningsperiode :
- Inneværende semester
- Neste semester
Aktuelle studieprogram
| Studiepoeng | 15 |
| Undervisningssemester | Haust/Vår |
| Timeplan | Se timeplan |
| Pensumliste | Se pensumliste |
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.
Læringsutbyte
-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike filosofiske tekstar og problemstillingar.
-Kunne identifisere dei spesifikke filosofiske problema i ulike tekstar.
-Kunne gi ei klår og grundig munnleg framstilling av strategiar for å løyse ei avgrensa filosofisk problemstilling.
-I høve til studentar på bachelornivå, skal studentar på masternivå vise ei større grad av sjølvstende i omgangen med filosofiske problemstillingar meir generelt.
Undervisningssemester
Haust/Vår
Mål og innhald
FIL302 hentar sitt innhald frå eit av forskingsseminara på Filosofisk institutt i det aktuelle semester. Desse seminara har fokus på aktuell forsking på instituttet.
Emnet skal gje studentane eit grunnlag for ein kritisk tilnærming til sentrale filosofiske problemstillingar, noko som skal gjere dei betre i stand til å arbeide sjølvstendig med masteroppåva.
I seminaret vil det verte lagt vekt på både munnleg diskusjon og skriftleg framstilling.
Læringsutbyte/resultat
-Kunne arbeide sjølvstendig med ulike filosofiske tekstar og problemstillingar.
-Kunne identifisere dei spesifikke filosofiske problema i ulike tekstar.
-Kunne gi ei klår og grundig munnleg framstilling av strategiar for å løyse ei avgrensa filosofisk problemstilling.
-I høve til studentar på bachelornivå, skal studentar på masternivå vise ei større grad av sjølvstende i omgangen med filosofiske problemstillingar meir generelt.
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad med 90 stp. spesialisering i filosofi eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
Gode engelskkunnskapar er naudsynte, sidan ein må rekne med at mykje av pensum er på engelsk.
Undervisning og omfang
Undervisninga vil ha form av seminar med ulike opplegg, men kor diskusjon alltid står sentralt.
Obligatoriske arbeidskrav
Følgjande obligatoriske undervisningsaktivitetar inngår i FIL302:
-Innlevering av pensumliste 15. oktober i haustsemester og 15. april i vårsemester.
Når det gjeld utsetting av obligatoriske aktivitetar og kor lenge dei er gyldige viser vi til dei utfyllande reglane for gradsstudium ved Det historisk filosofiske fakultet, Universitetet i Bergen.
Vurderingsformer
Studentane skal ha ein times munnleg eksamen, kor dei presenterer eit tema frå emnet valt av studenten sjølv og godkjend av seminarleiar. Presentasjonen skal vere på 15-20 minutt, det vil seie at den skal tilsvare ein skriftlig presentasjon på 4000 ord.
Eksamen vert arrangert kvart semester.
Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F.
Ein kan ikkje nytte det same forskingsseminaret til å ta eksamen i Fil 301 og Fil 303.
Læremiddelomtale
Den pensumlitteraturen som er utarbeidd for eit seminar i eit forskingsemne gjeld som pensum for emnet.
Emneevaluering
Undervisninga vert evaluert med jamne mellomrom.